Falle: noveller

Rakel Solstad |
E-bøker | Sidetal: 101 | ISBN: 9788252187335

Pris:
Translation missing: nn.product.general.sale_price329 kr
Ein liten reinflokk tøygde seg som ein usikker tråd bortover dei snødekte fjellrabbane i bakgrunnen, danna ei horisontal rørsle som glei i eitt med landskapet og forsvann. Lét etter seg ei rein, kald synsrand. I ein glimt såg han for seg gravfølgjet utanfrå, ei sakte rørsle etter den snødekte vegen. Snart borte frå landskapet. Ove og han og dei to naboane som bar kista sterkt og høgt på skuldrene sine dette siste stykket. Mora som lét seg bere slik, gjennom snø, kvilande på skuldrene av sønene sine.

Falle er ei samling noveller om det å miste; om å ikkje vite om ein sørgjer rett, om å erkjenne at ein ikkje sørgjer, om sjølv å ville følgje etter, om å hegne om sorga, om å sørgje over ein levande, om forboden sorg.

Rakel Solstad

Du likar kanskje desse

Sist sett på