Etter eit hektisk tiår i hovudstaden tar Agnes Ravatn mann og baby med seg frå Frogner og flyttar til den vesle vestlandsbygda Valevåg for å roe ned nokre hakk i permisjonstida. I eit nedfalls småbruk utan internett, omkransa av skog, fjell og sauer, milevis unna kulturandedammen i hovudstaden, snirklar dagane seg sakte forbi for den vesle familien. Kveldane går med til å drikke vin og samtale med den næraste naboen: vennen og forfattarkollegaen Einar Økland.
Verda er ein skandale er stasjonære reisebrev frå eit halvår på bygda som tok ei uventa vending - og handlar om lykke, skriving, det enkle livet og jakta på det perfekte knekkebrødet. Tekstane er lett omarbeidde versjonar av essay som har stått på trykk i Dag og Tid.
Opplesing: Agnes Ravatn
Meldingar
Lekende lett om lykken på landet.
Marius Wulfsberg, Dagbladet
Velskreven, underholdende og klok bok
Silje S. Norevik, Bergens Tidende
... en smart essaysamling som fortjener å leses
Anders Veberg, Aftenposten
Det er lite som slår destillert Ravatn, med sine sylkvasse observasjonar pakka inn i vestlandsk sarkasme.
Hanna Maria van Zjip, Klassekampen
Agnes Ravatn
Agnes Ravatn (f. 1983) har gitt ut fleire kritikarroste og prislønte bøker, blant anna romanen Fugletribunalet (2013), som har gjort suksess både som bok og teater, og som er seld til mange land. Ravatn er kjend for si særeigne, vittige stemme og sitt skarpe blikk for menneskeleg svakheit.
Kåra til ein av dei ti beste norske forfattararane under 35 år i 2015 Bokbloggerprisen 2013
For Fugletribunalet
Festspeldiktar ved dei Nynorske festspela 2014
P2-lyttaranes romanpris 2013
For Fugletribunalet
Arne Hestenes' journalistpris 2013
Betaling og personvern
Alle transaksjonar er sikre og krypterte. Kredittkortinformasjon blir aldri lagra.
Kjøpsvilkår
Standard kjøpsvilkår
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO