GEIR EGIL BERGJORD(f. 1964) er frå Jæren og bur i Stavanger. Han presenterer sitt fotografiske arbeid i utstillingar, bøker, film og kunst i offentleg rom. Fleire av Bergjords bøker er publisert på hans eige forlag, Gilka. Sidan debuten på Hastutstillinga ‘95 har Bergjord hatt ein omfattande utstillingsaktivitet og arbeida hans er representerte i fleire offentlege kunstsamlingar.