Vegen heim til Svartskog
InnbundenFleire format

Skjønnlitteratur

Vegen heim til Svartskog

«Totalt oppslukende. Når jeg tenker tilbake på denne boka, kjennes det som å ha sett en film. Kombinasjonen av grumsete fotografier tatt i øyehøyde av Stavangers by­gater, og den opp­jagede tanke­strømmen til en 14-åri...»
— Thula Kopreitan, NRK
Kåra til ei av årets beste bøker 2025 av NRK!

Dei folketomme og urovekkande nattfotografia i denne boka viser ein by i transformasjon, der betraktaren beveger seg gjennom gater, torg og kaiar. I dette underlege og destruerte byrommet møter me ein namnlaus 14-årig forteljar, som etter ein kollisjon med bilen full av tjuvegods kjem bort frå storebroren Billy på 19. Storebroren kjem ikkje tilbake til det vesle huset dei har leigd nær Stavanger sentrum, og i desperasjon går veslebroren ut i den ukjende byen og leitar etter han. Gjennom ein indre monolog under den klaustrofobiske nattevandringa får me innsikt i historia hans frå barndommen og fram til tjuveriturneen i oljebyen. Eit sår opnar seg, og i situasjonen tyr hovudpersonen til rusmiddel. Rusen påverkar sanseopplevinga, der han i jakta på storebroren ravar rundt i eit slags delirium og glimtvis observerer eit dekonstruert byrom.

Vegen heim til Svartskog er blitt til i samarbeid mellom bildekunstnar Geir Egil Bergjord og forfattar Arild Rein. I boka dannar bildematerialet og teksten – kvar for seg sjølvstendige element – eit nytt og tredje narrativ.


499,00 kr
Sider
398
Utgivingsår
2025
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234013799
Meldingar

Sagt om boka

4 omtaler

«Vegen heim til Svartskog sender leseren på en desperat feberekskursjon gjennom Stavangers mørke natt (...) en bemerkelsesverdig samling fotografier av Geir Egil Bergjord, ledsaget av en intens og insisterende tekst av Arild Rein (...) balansen mellom tekst og bilde på denne angivelige hjemveien (...) er spent som en pianotråd, egnet til å kappe av kroppsdeler med (...) Det er kanskje ikke så overraskende at jeg setter pris på denne over 400 sider lange feberekskursjonen inn i mørket under overflaten, men jeg er overbevist om at den vil gjøre en rimelig god jobb i de aller fleste sinn.»

— Tommy Olsson, Klassekampen

«Dette er eit originalt verk»

— Odd W. Surén, Dag og Tid

«Enkelte kunstverk er så oppslukende at det kjennes som man var i en parallell virkelighet når man tenker tilbake på opplevelsen. Noen timer etter at jeg leste ferdig «Vegen heim til Svartskog», tok jeg meg i å ha registrert den i kroppen som en film ... [E]n medrivende natteskildring med et særdeles godt samarbeid mellom tekst og foto. Når fotografiene får noe undersjøisk over seg, gir det følelsen av at jeg-et (og vi) står i en annen verden.»

— Thula Kopreitan, Kunstavisen

«... sprenger grenser for hva ei bok kan være ... handler om et Stavanger sett fra skyggesida, men skrivi med kjærlighet til byen. Reins tekster mot Bergjords poetiske fotos, og det fremmedgjørende blikket i både tekst og bilder, fremmedgjør ikke, men skaper nærhet, slik kunsten kan: Vegen heim til Svartskog skaper nye måter å se på, gir nye synsvinkler ved å sprenge sjangergrenser ...»

— Arild Linneberg, Vagant

Arild Rein
Om forfattaren

Arild Rein

(f. 1960) er frå Stavanger. Han debuterte i 1998 med romanen Hundedagane - første band i Stavangertrilogien, som blei avslutta med Kaninbyen i 2004. Han har gitt ut lesestykke, kortprosa, dikt og omsettingar, og er kjend for sin sosialrealistiske, hardkokte stil. Arild Rein fekk Rogaland fylkeskommune sitt litteraturstipend i 2001 og Sigmund Skard-stipendet i 2005. I 2008 blei han, på bakgrunn av Kaninbyen, kåra til Stavanger Europeiske Kulturbys forfattar av innbyggjarane i byen. Rein er også initiativtakar og redaktør i Villhund forlag, etablert i 2018.