Foto: Geir Mogen

Rune F. Hjemås debuterer hausten 2021 som barnebokforfattar med den undrande og sjarmerande romanen Ein bror i verdsrommet. I intervjuet fortel Hjemås om korleis det har vore å skrive for barn, om vennskap og om fascinasjonen for verdsrommet. Og korleis høyrest soundtracket til Ein bror i verdsrommet ut? 

 

 

Gratulerer som nyslått barnebokforfattar, Rune! Du har skrive fleire bøker for vaksne, men den nye boka, Ein bror i verdsrommet, er ei barnebok for 9-12-åringer. Kan du fortelje om korleis det har vore å skrive for barn kontra vaksne? Er det noko du har ynskt å gjere lenge?  

Tusen takk! Det har vore kjekt å skrive ei bok for yngre lesarar, både som ei utfordring til å gjere noko nytt og som ei unnskyldning for å mimre litt og prøve å hugse korleis det var å vere i den alderen sjølv. Prosessen har vore morosam og lærerik, tidvis frustrerande, fordi det å skrive for ei så spesifikk målgruppe gjer at ein må balansere språket meir finstemt enn når ein skriv for eit meir diffust vaksenpublikum. Samtidig er krava til framdrift høgare, det må skje meir på kortare tid. Mykje av arbeidet har derfor handla om å luke vekk ord og vendingar som høyrest for “vaksne” ut og kutte ned der handlinga har blitt for omstendeleg. Som forfattar har eg alltid vore nysgjerrig på å prøve ut nye sjangrar og måtar å skrive på, og det å skrive for barn og unge har stått på den lista lenge. Derfor var det lett å svare ja da Brynjulf Jung Tjønn kontakta meg for ei stund sidan og spurte om eg hadde lyst til å prøve å skrive noko for barn. 

 

Korleis vil du sjølv beskrive Ein bror i verdsrommet?  

Det er ei bok om barn og alvorleg sjukdom, men skrive frå perspektivet til ein bror som er pårørande. Dermed handlar det eigentleg mest om å vere frisk, å prøve å leve eit så normalt liv som mogleg, i ein situasjon der det ikkje er så enkelt. For Elias blir det viktig å finne noko anna å fokusere på enn broren sin sjukdom, og derfor er det kjærkomme da det dukkar opp ein mystisk lyd og ein nabo begynner å oppføre seg mistenkeleg. For meg er det ei bok som handlar om vennskap, om forholdet mellom to brør, og om korleis fantasien kan hjelpe ein til å komme gjennom vanskelege periodar i livet. 

 

Trass eit alvorleg bakteppe i boka, er det ikkje ei dyster bok. Fordi Elias let seg rive med i mysteriet om lyden frå radioapparatet på rommet sitt held han leiken og fantasien i gang. Trur du at vi treng å ta leiken og kreativiteten tilbake? Leiken kan vere ein flukt frå røynda. 

For Elias blir i alle fall prosjektet ein måte å halde tankane litt unna sjukdommen på. Det at lyden i radioen skal komme frå ein ufo, og at naboen skal ha noko med dette å gjere, er kanskje ikkje noko han ville latt seg rive med i under vanlege omstende. Men i boka trur eg både vennane og den sjuke broren skjønner at dette er viktig for Elias og ei hjelp til å komme gjennom den tøffe tida. Etter kvart blir det kanskje vanskeleg for dei alle å vite sikkert kva som er leik og kva ein faktisk trur på. Verdsrommet er jo ei stor gåte for oss alle! 

 

“Sjølv om det var ein ufo han tenkte på denne gongen, og ikkje Mats.”  

 

Du skriv fram nokre fantastiske bilete i boka: 

“Eigentleg skulle dei til Italia, hadde kjøpt flybillettar og alt. Men det heng verken Roma-skjerf eller Lazio-trøye på veggen her. Det einaste Mats fekk, var ein utvaska blå sjukehuspysjamas med for korte bein. Flytemadrassen blei bytt ut med ei motorisert seng med kvite laken. I staden for høge milkshakeglas med raude bær og paraply på toppen blei det cellegift frå ein trist plastpose på eit stativ.” 

 “Det er fint å tenke på at Mats òg ligg ein stad i den same bygningen. Sjølv om han er på ei anna avdeling, er det lenge sidan Elias har kjent seg så nær broren sin som no. Dei har landa på den same framande planeten, langt, langt ute i verdsrommet. Heime sit heile menneskeslekta og ventar spent på at dei skal kome tilbake”. 

 

Kva har vore din kjelde til inspirasjon?  

Eg har alltid vore fascinert av verdsrommet, og tenker at det finst eit uendeleg potensial for fantastiske bilde der oppe! Alvorleg sjukdom gjer jo også at dei djupe spørsmåla om liv og død blir akutte, og da kjennest det naturleg å trekke opp dei store perspektiva. Når ein tenker på kor små vi menneska er i universet sin målestokk, reduserer ein liksom alvoret i kvardagen litt. Og så trur eg det kan finnast eit håp i tanken på alt vi ikkje veit. Det er nok å løfte blikket litt i blant. 

 

Er det noko eller nokon som inspirerer deg til å skrive, eller som påverkar teksten medan du jobbar? Les du andre bøker medan du er i eigen skriveprosess? Og er det nokon forfattarskapar du vil trekkje fram som spesielt verdifulle for deg?   

Ja, eg høyrer til den typen forfattar som les mykje - også når eg sjølv er inne i ein skriveprosess. Eg hentar inspirasjon i impulsar frå annan litteratur, både når det gjeld tematikk og det språklege. Som fersk barnebokforfattar har eg prøvd å lese meg litt opp for å få ei kjensle av kva som rører seg innanfor feltet. “Faen ta skjebnen” av John Green har t.d. vore viktig med tanke på å skrive om barn og sjukdom, mens Johan Harstad jo er inne på romfartstematikken i “Darlah”. Språkleg har eg fått mykje ut av forfattarar som Linda Klakken (“Dumme, dumme hjarte”) og Maria Parr (“Keeperen og havet”) for å nemne nokre få. 

 

Kva les du sjølv da du var barn?  

Eg har mange minner av å bli lesen for, frå mormor sine improviserte attforteljingar av klassiske eventyr til Sjøormen Ruffen og Morgentåkedalen i barnehagen. Med mitt namn er det også klart at boka “Farvel, Rune” av Marit Kaldhol gjorde uutsletteleg inntrykk i ung alder. Astrid Lindgren, Anne-Cath. Vestly og Thorbjørn Egner har elles farga barndommen min, som dei fleste andre sin. Eigentleg var eg ikkje nokon stor lesehest som barn, men eg hugsar at eg i periodar las heile Stompa-serien og likte å lese om Bobsey-barna. Og så var det jo mykje teikneseriar, Donald, Asterix, Tommy & Tiger’n, m.m. 


Rune F. Hjemås har laga ein speleliste til Ein bror i verdsrommet - høyr den her:

                                                 


 

Undrande og spennande om kor små vi er i den store samanhengen Elias gler seg til at storebroren Mats skal kome heim på permisjon frå sjukehuset. Men det blir ikkje heilt som Elias har tenkt seg. Mats er tynn og slapp og orkar ikkje å gjere noko av det Elias har planlagt. Snart må han reise tilbake til sjukehuset, og Elias får ei vond kjensle i magen. Kva om storebroren ikkje blir frisk igjen?

 Samstundes oppdagar Elias ein rar pipelyd frå dei gamle radioane på rommet sitt. Kan det ha ein samanheng med det underleg raude lyset frå vindauget til nabo Edvardsen? Saman med vennene Mina, Mu og Olivia prøver han å finne ut av mysteriet. 

Ein bror i verdsrommet krinsar rundt store spørsmål om livet, dauden, og kva som finst der ute i universet - og om det å vere ein litt utypisk superhelt.