Det Norske Samlaget vart skipa i 1868 og er eit av Noregs eldste forlag. Samlaget er ei sjølveigande stifting oppretta av medlemmene i Litteraturselskapet. Årsmøtet i medlemslaget er høgaste organet i Samlaget. Alt overskot frå drifta blir igjen i verksemda og blir investert i meir litteratur, forfattarutvikling og styrking av verksemda. Samlaget gir ut om lag 100 nye titlar kvart år, og betalar årleg ut royalty til over 1600 forfattarar. Per juni 2022 er me 31 tilsette og hadde i 2021 driftsinntekter på 66 millionar kroner og solid økonomi. Samlaget gir ut bøker på nynorsk innanfor skjønnlitteratur for barn og vaksne, sakprosa og høgare utdanning.
Samlaget arbeider for større mangfald og oppmodar særleg kandidatar med minoritetserfaring til å søkje.
Samlaget søkjer ny forlagsredaktør for fakta- og dokumentar
Vi søkjer ein idérik og handlekraftig person som kan styrkje Samlagets arbeid med å lage gode og nyskapande fakta- og dokumentarbøker.
Som forlagsredaktør vil du få utvikle nye bokprosjekt og vere med på å finne morgondagens nynorskskrivande profilar. Du er breitt samfunnsorientert og open for kva som rører seg i samtida. Eit stort nettverk, særleg blant unge vaksne, og visuell kompetanse er ein fordel.
Stillinga passar for deg som er kreativ, nysgjerrig og god til å sjå ting frå andre vinklar. Du bør vere ein god lesar og gjerne ha redaksjonell erfaring. Vi er også interesserte i personar med bakgrunn frå til dømes digitale medium, podkastproduksjon, film og tv-bransjen. Du har teft for dei gode historiene og ambisjonar om nå breitt ut med bøkene.
I Samlaget vil du få stor fridom og høve til å utvikle deg i ein kunnskapsrikt fellesskap av engasjerte forlagsfolk. Samlaget er eit leiande litterært forlag med ei rekkje av dei fremste forfattarane i landet, mellom andre Jon Fosse, Maria Parr, Olaug Nilssen, Agnes Ravatn, Kari Stai og Alfred Fidjestøl. Samlaget er ei ideell stifting, og alt overskot vi skaper, går tilbake til bøkene og litteraturen.
Vi oppmodar særleg personar med minoritetserfaring om å søkje.
Arbeidsspråket i Samlaget er nynorsk.
Stillinga er ei fast 100 % stilling.
Vi tilbyr:
- kjekke kollegaer og eit godt arbeidsmiljø
- kontorlokale sentralt i Oslo
- fleksibilitet m.o.t. arbeidsstad og -tid (kjernetid 9–15)
- sommartid i sommarmånadane
- moglegheit for fleksitid og avspasering
- diverse sosiale arrangement
- konkurransedyktig lønn
- gode forsikrings- og pensjonsvilkår
- delvis dekt telefon og internett heime
- tilgang til Samlagets leilegheit i Roma
- rabatt på alle bøker og eitt gratiseksemplar av alle samlagsbøker
- 5 ferieveker + 5 ekstra feriedagar
Send inn søknad via finn.no her:
https://www.finn.no/job/fulltime/ad.html?finnkode=309763150
Vil du vite meir om stillinga, kan du ta kontakt med forlagssjef Håkon Kolmannskog: h.kolmannskog@samlaget.no
Søknadsfrist: 15. august 2023