Samlagets arrangement på Fosse-festivalen 2023

Fossefestivalen er ein arena for dramatikk som er skrive etter Jon Fosses dramatikardebut i 1994. Festivalen skal romme både internasjonale gjestespel og eigne produksjonar, og eit fagprogram som tar sikte på å utforske dramatikken frå ulike perspektiv.

Alt frå debuten med romanen Raudt. Svart. i 1983 markerte Jon Fosse seg som ei særmerkt røyst i norsk litteratur. I dag er han ein av våre aller viktigaste forfattarar og dramatikarar og har, særleg i dei siste åra, vunne stadig større popularitet i den norske bokheimen. Kva var det nye Fosse stod for i norsk litteratur og dramatikk? Korleis påverkar han nye og kommande generasjonar forfattarar?

Programmet vil også innehalde eit mylder av samtalar og sideprogram som blir oppdatert fortløpande.

Festivalen er arrangert av Det Norske Teatret og Det Norske Samlaget.

Her er ein oversikt over Samlagets sideprogram under festivalen.

Laurdag 2. september, kl. 13.00
Bikuben

Historia om Grotten: Foredrag og vandring i Slottparken

Bli med på foredrag og vandring i Slottsparken!

Ingvild Bræin, forfattar av boka Grotten. Historia om eit hus og fem kunstnarar, tek med publikum på foredrag og byvandring til Slottsparken.

Grotten har sidan 1922 vore æresbustad for fortente kunstnarar, men vart bygd lenge før det. Huset stod ferdig 17. mai 1841, og Henrik Wergeland flytta inn med kone, hest, hund, kaninar, ormar og fuglar. Etter Wergeland har nokre av dei fremste norske diktarane og komponistane fått bu i Grotten: Christian Sinding, Arnulf Øverland og Arne Nordheim. I dag bur forfattaren Jon Fosse i det rosa huset. 

Ingvild Bræin kan fortelje om nokre uvanlege skikkelsar i norsk historie, om kvardagsliv og om kva som blei skapt i huset på knausen.

Facebookarrangement: https://fb.me/e/2J4XLtJPO

Sundag 3. september, 14.30
Bikuben

Kva er det med Fosses dramatikk?

Teaterstykka til Jon Fosse har reist verda rundt. Korleis kan vi forklare den enorme suksessen til den særeigne dramatikaren? I forkant av premieren på I svarte skogen inne samtalar kulturredaktør i Morgebladet Ane Farsethås med den tyrisk-amerikanske forfattaren, akademikaren og litteraturkritikaren Merve Emre.

Samtalen blir på engelsk.

Facebookarrangement: https://fb.me/e/1y6WKbT7b 

Tysdag 5. september, kl. 17.30
Bikuben

Olaug Nilssens favorittar

Olaug Nilssen er ein av dei mest særmerkte forfattarane i Noreg i dag. Ho speler ei viktig rolle både som kritikar og debattant, og ho har eit særleg blikk for dei nye stemmene i litteraturen. Olaug Nilssen presenterer tre av sine favorittar av unge nynorske stemmer.

Opplesing ved dei utvalde forfattarane:

  • Lina Breidablikk (forfattar av Heime aleine)
  • Monica Goksøyr (forfattar av Slemme jenter)
  • Sigrid Agnethe Hansen (forfattar av Ser du dette? og Du veit ingenting)

 Facebookarrangement: https://fb.me/e/uoNdwvbHQ

 

Onsdag 6. september, kl. 18.00
Bikuben

Voff, voff! Hunden i litteraturen og i livet

«Det er to ting ein lyt ha i livet, ein hund og ein båt»

Jon Fosse

Forfattaren Brit Bildøen eig ikkje hund sjølv, men det har vore hundar med i så godt som alle romanane hennar. I den nye romanen Gult farevarsel speler familiehunden Laban ei sentral rolle. Forfattar Erik Fosnes Hansen er entusiastisk hundeeigar, også i hans forfattarskap er det rikt med hundar. Dei to forfattarane samtalar om hunden i liv og litteratur med hundeelskar og forleggjar Cathrine Sandnes.

Skodespelarar ved Det Norske Teatret les frå Hundemanuskripta av Jon Fosse.

Facebookarrangement: https://fb.me/e/36RYOtUtM 

Fredag 8. september, kl. 17.30
Bikuben

Vrom, vrom! Bilen i litteraturen og livet

Halvor Folgerø har hatt stor suksess med bøkene om Vestlandsvegar der han fortel om hårnårssvingar, rygging på stup, dramatiske ras og utforkøyringar. Stordabuen Ståle «Sinnamekker’n» Eskeland har hatt mekking og bilkøyring som hobby heile livet. I boka Bilalbum fortel han om nokre av dei 500 bilane han har eigd.

Folgerø og Eskeland fortel historier frå smale vegar, snakkar om mekking og kjærleiken til bil.

Skodespelar ved Det Norske Tearet les bilscener frå Jon Fosses bøker.

Facebookarrangement: https://fb.me/e/1sXoynQVe