Tor Arve Røssland om spenningsserien Overleve

I spenningsserien Overleve blir vi tatt med til ei nær framtid der menneska er utryddingstruga. I dette intervjuet fortel forfattar Tor Arve Røssland om serien. 

 

Kva handlar Overleve om? Kva slags samfunn er dette?   

Overleve handlar om dei to tenåringane Jamal og Eira som er om bord forskingsskipet Bluenose. Det er sommarferie og skipet skal leite etter livsviktige matkjelder i Atlanterhavet. Handlinga er plassert nokre år inn i framtida, havet har stige åtte meter, noko som har forandra kystlinjer over heile verda. Bergen, og mange andre rike byar, har bygd demningar for å halde vatnet ute. Men dette hjelper ikkje når snøen kjem i store mengder, for det var dette som var min opphavlege idé: kva skjer med verda dersom vi får ei ny istid. Det var slik heile bokserien starta. 

Samfunnet er skriv om er eit slags skrekkscenario. Nato, FN og EU finnest ikkje lenger. Europa er blitt til Alliansen, som også består av dei gamle britiske samveldestatane Canada, Australia og New Zealand. Kina har tatt over heile Asia, inkludert Russland. USA har gått til grunne, og Mexico styrer heile Nord- og Sør-Amerika. Eller nesten heile, dei manglar Canada. Og det er denne invasjonen som skjer tidleg i Overleve. Alliansen reagerer og krigen er i gang. Men det blir raskt tydeleg at naturkatastrofane står i kø i denne verda.  

Det Noreg som Eira og Jamal har vakse opp i verkar som eit slags demokrati, men er totalt styrt av den mektige og mystiske organisasjonen Dominion. Folk trur dei har fridom, men dei er veldig låst i faste mønster. I Noreg er det Nasjonspartiet som styrer, eit fælt politisk parti som er i ferd med å gjere alle andre parti ulovlege.

Alt dette er bakteppet for historia, om korleis veldig ulike folk klarer å overleve når naturkreftene blir umoglege å kjempe imot.  

Fortel litt Jamal og Eira. Kven er dei, og kva er deira styrkar og svakheiter?  

 

Jamal er ein positiv og venleg fjortenåring, som har veldig lyst å bli havforskar. Han gler seg til livet om bord i Bluenose, og å få vere med på forskinga og leitinga etter fisk. Han er smart, kunnskapsrik og ressurssterk, men møter veldig mange utfordringar i bokserien. Eira er eigentleg ein bortskjemt dritunge som absolutt ikkje har lyst å vere i ein båt heile sommarferien. Forskingstoktet er måten far hennar straffar henne på. Han jobbar også om bord, og mobilen hennar har politiet tatt. Ho er sint og prøver konstant å rømme. Men sjølvsagt endrar ho seg når naturen blir for mektig. 

 

 

Kan du fortelje litt om researchen du har gjort? Har du vore om bord på eit forskingsskip?  

 

Eg har lese veldig mykje om havforsking, miljøvern, havstraumar, vulkanar og dei tidlegare istidene for å skrive desse bøkene. Ideen fekk eg for ca tjue år sidan, og skrivinga har tatt to-tre år. Eg har sjølvsagt kontakta mange forskarar for å få deira syn på forskinga, og dette har vore svært nyttig. Eg har lært veldig masse. Eg har også kontakta mange som har arbeidd på skip, spesielt i utanlandsferd eller på liknande forskingsskip som det eg skriv om. Eg var også om bord i forskingsskipet Fridtjof Nansen som måtte ligge i Bergen under pandemien – flaks for meg, for båten skulle eigentleg ikkje forlate kysten av Afrika på årevis. Eg har som sagt lært ekstremt mykje, men nitti prosent av det blir aldri nemnt i bøkene. Men det har vore viktig for meg å vite det. Det viktigaste var likevel å få til dei to hovudpersonane Jamal og Eira.   

 

 

-  At godt vaksne menneske, som kan både lese og skrive lar seg lure av konspirasjonsteoriar, det skremmer meg mykje meir enn ei mogleg istid. 

Kva har inspirert deg i arbeidet? Omtrent samstundes med lanseringa av første bok, invaderte Russland Ukraina. Det var som om røynda overgjekk fiksjonen. Har det påverka deg når du har skrive bok to og tre? 

 

Krigen i Ukraina har ikkje påverka meg noko særleg, eigentleg, anna enn at den viser oss at diktaturet Russland oppfører seg akkurat som Nazi-Tyskland gjorde, og viser at krig aldri går av moten – dessverre. Bombinga av sivile minner om blitzen i London, og eg håper Ukraina vinn – for oss alle.   Eg har eigentleg hatt planen om kva som skulle skje i Overleve klar lenge før eg begynte å skrive. Eg lurte litt på om eg skulle gjere endringar undervegs, men eg heldt på den opphavlege ideen i staden for. Men det var jo ein del ting i verda rundt meg som påverka meg: Eg måtte overgå Donald Trump, t.d., og då måtte eg rett og slett la USA gå til grunne, for eg klarte ikkje å finne på noko «mindre» som likevel var verre enn Trump - ein av dei verste presidentane dei har hatt der borte, og som har gjort skade for mange generasjonar framover. Propagandakrigen rundt både Trump, pandemien og sjølvsagt også krigen i Ukraina har påverka meg. At godt vaksne menneske, som kan både lese og skrive lar seg lure av konspirasjonsteoriar, det skremmer meg mykje meir enn ei mogleg istid. 

 

Tor Arve Røssland: Overleve

 

 

Om få år er verda heilt forandra. Byar og land har forsvunne under det stigande havet. Millionar av menneske er drivne på flukt frå kysten. Andre flyktar frå brennande varme. Nokre frå krig. Forskingsskipet Bluenose skal leite etter fisk og andre livsviktige matkjelder i Atlanterhavet. Om bord er også dei norske trettenåringane Jamal og Eira. Begge har fedrar som jobbar på skipet. Snart hamnar dei midt i ei brutal krigssone. Jamal og Eira forstår at dei små kranglane dei har, blir uviktige i møte med eit stormfullt hav, menn med maskingevær og vulkanen som vaknar.  

Serien er illustrert av Nikolai Lockertsen.

Tor Arve Røssland (f.1971) skriv bøker for barn og unge, og har vore nominert til Uprisen fpr Svarte-Mathilda, Svarte-Mathilda III, Glimt, Den tolvte spelaren og Soledad. 

 

Målgruppe: 13+