Samane, reinen og arealkonfliktane

Eit mørkt og langvarig kapittel i norsk historie

Dette blogginnlegget var først publisert som kap 9 i boka Vindmøllekampen.   

For Hans-Harald Habberstad og dei andre grunneigarane på Kvaløya handlar konflikten om kroner og kontraktar. Kor mykje er jorda verd, og får dei som fortent? For så vidt ganske greitt å forhalda seg til for dei fleste av oss. Utleigekontraktar og avtalar om økonomisk kompensasjon blir gjort kvar einaste dag. Stundom vinn ein, andre gonger blir det tap. Sånn er livet. 

Men kva når det ikkje lenger handlar om pengar? Og det heller ikkje er ein kamp mellom dei som vil verna naturen, og dei som ser på vindkrafta som eit viktig bidrag for å redda klimaet? Når det som står på spel, er verdifulle tradisjonar som er nedarva gjennom generasjonar, og som i hundrevis av år har blitt trua av press utanfrå? Går det i det heile tatt an å setja ein prislapp på det?


Eit langvarig overgrep 

Angrepa på det samiske folket, og ikkje minst den samiske kulturen, er eit mørkt og langvarig kapittel i norsk historie. Først handla det nok mest om interessekonfliktar, som mellom bøndene og reindrifta, etter kvart som det blei tettare mellom folk. Men kampen mot alt det samiske hadde òg ei anna side. I den tidlege nasjonsbygginga passa det ikkje inn med eit vilt folk som raksa rundt i landet og snakka eit fullstendig uforståeleg språk. Dessutan var dei heidningar, og det var staten og kyrkja sin jobb å gjera gode kristne av dei. Heilt til 1960-talet heldt denne kampen fram i stor stil. 

Men sjølv om vinden snudde på andre halvdel av 1900-talet, er kampen på ingen måte over. Ein er ikkje lenger direkte fiendar, men motsetningane er framleis store. Legg ein seg bakpå, er faren absolutt til stades for å bli overkøyrt. Igjen og igjen.

– Folk tenker gjerne at du kan vera same når det passar for deg, og så kan du leva som alle andre resten av tida. Men det går ikkje. Å vera same er eit levesett, og reindrifta er ein hjørnestein i samisk kultur. Det handlar om språk og mat, handverk og tradisjonar. Utan reindrifta har me mista ein grunnstein i vår kultur, seier sametingsråd Silje Karine Muotka. 

Eg møter henne i Alta ein haustdag i 2019, den same veka som regjeringa skrotar nasjonal ramme. Som sametingsråd har Muotka mellom anna ansvar for dei politiske områda næring, areal, miljø, klima, energi og regionutvikling – ein miks som plasserer utbygginga av vindkraft midt i Muotka sin portefølje. Og medan det gjennom 1800-talet og første halvdel av 1900-talet var andre konfliktlinjer som stod i sentrum – med den norske staten sin beinharde kamp for å ta livet av samisk språk og kultur – har spørsmålet om arealbruk igjen sigla opp som ein av dei verkeleg store kampane for det samiske folket frå etterkrigstida og vidare utover. 101

I dag er om lag 40 prosent av norske landareal i bruk som reinbeite.102 Men det er framleis under sterkt press frå omverda. Det kan handla om hyttebygging eller kraftlinjer. Eller vindturbinar. Og ein treng ikkje å snakka med ein sametingspolitikar for å få utfordringane stadfesta. I ei stortingsmelding tidleg på 2000-talet stod det at den forstyrrande aktiviteten i områda der reinen beitar, kan føra til permanent tap av beiteland, i tillegg til hindringar i reinen sine trekk- eller flyttleier. Indirekte konsekvensar kan vera mellombels tap eller redusert bruk av beitelandet rundt, meirarbeid for reineigarane og stress for reinen. Totaleffekten av mange små inngrep og forstyrrande aktivitetar er oftast større enn det summen av dei enkelte inngrepa skulle tilseia. Det stykkar nemleg opp beitelandet, og ei slik fragmentering har vore, og er truleg, ein av dei mest alvorlege truslane mot reindrifta sitt arealgrunnlag.103


Alta-utbygginga 

Ikkje minst viste desse konfliktlinjene i Muotka sin portefølje tydeleg igjen då folk frå heile landet engasjerte seg i spørsmålet om utbygginga av Alta-Kautokeino- vassdraget – noko som skulle visa seg å bli ein langvarig nasjonal konflikt frå den første oppblussinga i 1968 til godt utpå 80-talet.104 

Som i dag handla det også i 1968 om energiproduksjon. Etter meir enn 50 år med omfattande utbygging av norske vassdrag hadde miljørørsla for alvor begynt å vakna. Kor mykje natur skulle ein eigentleg ofra på kraftalteret? Kunne det tenkast at fisk og fugleliv, dei særeigne økosystema rundt om i landet, hadde ein verdi i seg sjølv – ein verdi som ikkje kunne målast i kroner og øre, der økonomisk vekst, arbeidsplassar og sysselsetjing ikkje kunne vektast tyngre enn naturen sin eigenverdi? 

Og kva med urfolket, samane som budde i området? Utbygginga blei sett som eit angrep på viktige beiteområde for rein, og eitt av alternativa som Noregs vassdrags- og energidirektorat såg på i forkant, innebar at heile den samiske bygda Masi ville leggast under vatn. Sjølv om dette ikkje nødvendigvis blei ein del av utbyggingsplanen, festa forteljinga om utbyggarane som ville setja heile lokalsamfunn under vatn, seg.105

For første gong mobiliserte det samiske folket skikkeleg og reiste seg saman for å kjempa for eigne rettar. Og for første gong stilte store delar av det norske folket seg bak dei. Det blei skrive protestviser, og folk kom frå heile landet for å lenka seg fast. «La elva leve» blei eit slagord som kunne høyrast fleire hundre mil frå det utbyggingstrua Alta-Kautokeinovassdraget – og eit slags ekko kan framleis høyrast i namnet på organisasjonen «La naturen leve», som har kjempa mot vindkraft det siste tiåret, og ikkje minst i Fosen-samane sitt kamprop om å la fjella leva. 

Frå 1968 deltok folk frå 20 nasjonar i demonstrasjonane i Alta. Tal frå politiet sitt register viser at det vinteren 1981 var 61 utanlandske statsborgarar blant dei bøtelagde demonstrantane.106

I fleire omgangar sveltestreika samar utanfor Stortinget for å bli høyrt, og då Gro Harlem Brundtland tok over som statsminister i 1981, blei kontoret i Høgblokka i praksis okkupert av fem samekvinner. 107 Strengt tatt var dei blitt invitert inn, eit par dagar etter at Brundtland hadde presentert den nye regjeringa på Slottsplassen. Men då møtet var over for statsministeren, som skulle vidare til Stortinget for å presentera regjeringa si tiltredingsfråsegn, var ikkje dei fem samekvinnene klare for å gå. I eitt døgn blei dei verande på statsministerens kontor, før dei neste morgon blei frakta ut bakvegen. 

Utover året i 1981 dempa konfliktnivået seg, eller i alle fall den meste aktive motstanden, og frå hausten føregjekk anleggsarbeidet stort sett utan større vanskar. Året etter erklærte Høgsterett at utbygginga var lovleg, og folkeaksjonen blei oppløyst. 

I løpet av dei 19 åra som gjekk frå planen blei lagt fram i 1968, til kraftproduksjonen starta i 1987, var kapasiteten nesten halvert, frå 1159 til 625 GWh.108 Då hadde konflikten om utbygginga overlevd 5 oljeog energiministrar, 7 statsministrar, 9 miljøvernministrar og 12 industriministrar. 

Som Noregs vassdrags- og energidirektorat kort oppsummerer på nettsidene sine: «Rekord i norsk historie.»109


Unikt i Europa

 – Ein kan alltid diskutera kor langt omsyna til det samiske folket skal strekka seg, men for oss er dette eit spørsmål om å vera eller å ikkje vera. Det folk bør tenka på, er kor unikt det er at me har ei nomadiserande reindrift her. Det som skjer i denne regionen, er heilt unikt i Europa, og det er nesten ingen stad i verda ein finn maken, seier Muotka. 

Ho meiner desse tradisjonane – heile grunnlaget for å oppretthalda og vidareføra språk, verdiar, næringsgrunnlag og samisk kultur – no står i fare. Ho ser eit ekstremt stort press, og her føyer vindkraftutbygginga seg inn i eit større bilete. For det er hyttebygging, nye vegar og infrastruktur i form av kraftlinjer. Heile tida er det noko nytt. Dette arealpresset er eit vedvarande problem. For kvar vesle bit av naturen som blir bygt ned, blir presset på reindrifta større. Ho peikar på at det også er andre samiske interesser i desse områda. Eitt døme er kulturminna og dei heilage områda som framleis er svært viktige for mange samar. 

Muotka meiner det er eit paradoks at arealpresset berre aukar og aukar, samtidig som verda står overfor ei klimautfordring som ein aldri har sett maken til før. Særleg når forskarar seier at det biologiske mangfaldet og naturverdiane tradisjonelt har blitt aller best forvalta i område der urfolka har vore gjennom tidene. Noko av det som særpregar delar av den samiske kulturen, er nettopp fråværet av vekst. I hushaldsøkonomien handlar det om å produsera nok til å klara seg. Målet om profitt, om å heile tida få meir å rutta med så ein kan investera i noko som i neste omgang skal auka profitten endå meir, er ikkje ein del av dette tankegodset. 

For dei som driv med rein, ville ein slik strategi uansett ha vore ein måte å utrydda seg sjølv på. Sjølv om nesten halve landet er i bruk som reinbeite til ulike årstider, og det er få dyr per kvadratkilometer som er i bruk, er beitepresset tidvis stort. Mykje av naturen som reinsdyra går i, er så næringsfattig at det knapt finst andre dyr der. Det gjer at store flokkar treng enorme område for å få nok mat. Og meir land enn det som alt er i bruk, vil dei aldri kunna få. Ein ting er at norske styresmakter gjennom sine internasjonale forpliktingar må ta vare på urfolket og kulturen deira. Om ein skulle opna opp for å pressa anna busetjing og næring tilbake for å utvida reinbeita, hadde det vore noko heilt anna – og truleg ein fullstendig håplaus kamp, trur Muotka. 

Den einaste løysinga for reindrifta er å avgrensa seg sjølv, slik at beiteområda toler at flokkane kjem tilbake år etter år. Ei utarming av marka vil i neste runde utarma heile drifta. Ordet har gjerne blitt ein klisjé, men for reindriftssamane sin eksistens er det heilt avgjerande at dei klarer å driva på ein berekraftig måte. Og i det lange perspektivet er berekrafta til jorda trass alt viktigare enn ein berekraftig økonomi. 

Det er denne tankegangen me treng meir av, meiner Muotka. Ikkje mindre. Og ho meiner det er utruleg rart at heile debatten i Noreg handlar om korleis me kan få absorbert mest mogleg av arealet der me har biologisk mangfald, for ikkje å snakka om rettane til urfolk. 

– Me må liksom berre gjera desse tinga, fordi me heile tida skal ha utvikling. For samane er det eit paradoks at det nokon kallar utvikling, i realiteten er ei avvikling av vår kultur, våre heilage stader og vår utmarksbruk. Det er ikkje akseptabelt. Spørsmålet er kva tid det skal søkka inn hos folk at me ikkje lenger kan forbruka på den måten me gjer i dag, seier Muotka.


Folk i husa

Med Muotka sine argument friskt i minne set eg meg i bilen og køyrer nordaustover på E6, forbi dei flate bygdene rundt Alta og oppover fjellet mot vidda. Snart brettar det seg ut eit landskap som eg berre har sett på TV før, med det som ser ut som uendelege flater i alle retningar, berre forstyrra av den beine vegen, der det innimellom kjem ein lastebil forbi. 

Eg stoppar bilen for å ta bilete. Eit tynt snølag som berre nesten dekker den låge vegetasjonen, speler på lag med ettermiddagssola og lagar eit heilt spesielt fint lys. Om ein månads tid vil det vera heilt mørkt her oppe, men enno er det nokre timar med sol igjen kvar dag før vinteren festar grepet. 

Nokre kilometer lenger nord kjenner eg korleis ein bult i vegkanten får det til å rykka i bremsefoten. Eg sakkar farten og ser korleis den vesle reinsskrotten ligg samankrøkt ein liten meter frå vegen. To svarte fuglar dansar rundt liket. Den eines død, den andres brød. Naturen er nådelaus slik. Det same er tungtransporten som dundrar over vidda, midt gjennom dei viktige beiteområda til reinen. 

Etter kvart som eg nærmar meg Skaidi – den vesle bygda i krysset mellom E6 og riksveg 94, som blei brukt til fangeleirar for russiske krigsfangar under den andre verdskrigen – kjem det neste store inngrepet til syne. Kraftlinjene som til slutt skal strekka seg 300 kilometer frå Balsfjord til Skaidi, fører 420 kilovolt og står som ruvande installasjonar i terrenget. Prislappen er på nesten 4,5 milliardar kroner. Målet er ifølgje Statnett å betra forsyningstryggleiken i Nord-Noreg, legga til rette for industrivekst og auka verdiskaping og dessutan produksjon av ny fornybar energi.110 

Dei same argumenta får eg høyra av Porsangerordføraren på rådhuset i Lakselv. Ho har kvidd seg for å ta imot meg og måtte ha litt tid til å tenka på om ho ville ta imot besøk i det heile. Kvar gong vindkraft blir tema, kostar det berre for mykje. Folk blir sinte, responsen kjem ut av alle proporsjonar for ei som berre ønskjer å få fakta på bordet før ho tar stilling. Berre regionreforma har vore vondare, meiner Aina Borch, som akkurat har starta sin andre periode som ordførar for Arbeidarpartiet. I den saka orkar ho ikkje å engasjera seg lenger. Det blir for tøft. 

– Eg ser korleis desse sakene øydelegg forhold mellom menneske, korleis det nesten tvingar folk til tausheit, seier Borch medan ho finn fram ein boks peparkaker og skjenker i kaffi frå ei kanne på bordet. 

Det plagar henne å sjå kva dette gjer med debattklimaet i Noreg. Viss ho ikkje skal vera ærleg som ordførar og politikar, viss ho skal la seg pressa til å teia stille fordi folkeopinionen kjem til å ta henne, då har ho ikkje noko som politikar å gjera, meiner ho. Ho stilte trass alt til val for å gjera ein skilnad, for å skapa noko. 

– Demografi er ei utfordring i Porsanger, som i dei fleste distriktskommunar i Noreg. Fleire eldre enn ungdom og folk i arbeidsfør alder gjer det utfordrande å driva kommunen i tråd med nasjonale føringar. Porsanger har stått i omstilling vekk frå forsvaret i 20 år og har tapt meir enn 400 innbyggarar i perioden. På grunn av geografien og eit godt handels- og servicetilbod har likevel mange verksemder klart seg 189 godt, og det er ikkje heilsvart no når oppbygginga av forsvaret er i gang. Det vil likevel ta tid å snu ei negativ folkestalsutvikling. Nye arbeidsplassar er det beste verktøyet me har til å lukkast med å få ungdommen til å flytta heim, seier Borch. 

Skal dei vera eit attraktivt samfunn i framtida, må dei ha arbeid til folk og gode tenester. Og viss ikkje ho som ordførar gjer det ho kan for å legga til rette for at det skal vera eit livsgrunnlag der også i framtida, gjer ho berre ikkje jobben sin, meiner ho sjølv.


Store verdiar 

For Aina Borch hadde ikkje spørsmålet om vindkraft vore noka stor sak før sommaren 2019. I den nasjonale ramma som blei lagt fram om våren, var delar av Porsanger sitt areal med i eitt av områda som var aktuelle for utbygging. Ein dag fekk ho melding frå ein journalist i Klassekampen som skulle laga oversikt over kva ordførarar som var for, og kven som var imot vindkraft i sine kommunar. For Aina Borch blei det som ein snøball som begynte å rulla. Då hadde nemleg eit utbyggarfirma allereie vore i kontakt med ordføraren for å diskutera kva moglegheiter som kunne finnast i Porsanger. Dei hadde avtalt å møtast etter sommaren for å sjå nærmare på det, og Borch sitt utgangspunkt var at ho ønskjer all utvikling velkommen til kommunen, om det lar seg gjennomføra utan for store negative konsekvensar. Alt som kan hjelpa kommuneøkonomien og skapa vekst og arbeidsplassar, er som musikk i Borch sine øyre. 

– Kva så om det berre er nokre få arbeidsplassar i eit vindkraftverk? Desse arbeidsplassane er like viktige som andre arbeidsplassar. Dessutan treng me å ha straumforsyninga klar, omme skal få annan kraftkrevjande industri lenger framme, seier Borch. 

For noko vasskraft å snakka om har dei ikkje i Porsanger. Til gjengjeld har dei rikeleg med vind. For Borch symboliserer vindkrafta ei moglegheit. Ho ser til nabokommunen Lebesby, med sine 1200 innbyggarar, som har både vindkraft og vasskraft. Dei har heilt andre inntekter enn Porsanger. I tillegg har dei lagt til rette for oppdrett og er i det heile tatt i ein heilt annan situasjon enn Porsanger, som har mellom 60 og 70 prosent av arealet verna eller bandlagt på ein eller annan måte. I Borch sitt rike har dei skytefelt, forsvaret og ein nasjonalpark. Indre del av Porsangerfjorden er nasjonal laksefjord, og ser du på reindriftskartet, er det berre to små område som ikkje er sett av til reindrift. Elles er det trekkområde, beiteområde og kalvingsland. Me snakkar altså om ein kommune med enorme verdiar, men lite reell verdiskaping som kjem kommunen til gode. Det er ingen ideell situasjon for politikarane som skal oppretthalda både bygd og skular og distrikt og gjer det dei kan for å skapa noko av dei verdiane dei har. 

Likevel forstår ho at samane protesterer, for dei blir utfordra på så mange område. Og ho ønskjer ikkje konflikt eller at nokon skal kjenna seg overkøyrt. Berre ein god dialog og diskusjon om det går an å finna nokre område som er mindre viktige, som kan setjast av til formål som vindkraft. 

Sånn det ser ut no, blir det uansett ikkje aktuelt. Sommaren 2020 sa fleirtalet i kommunestyret at dei ikkje ønskjer å gå vidare med planar om vindkraft. Som det står i vedtaket, som blei gjort med 11 mot 6 stemmer: «Etablering av vindindustri er ikke ønsket i vår kommune.»


Store inngrep

For Aina Borch handla det om å skapa eit livsgrunnlag for innbyggarane sine. For samane fell alle ønske om å bruka områda som reindrifta nyttar seg av, inn i eit mønster. Og det er ikkje eit mønster som ber bod om betre tider. Over store delar av landet reiser nye vindkraftverk seg til sterke protestar frå reindriftssamane. 

I stor grad handlar diskusjonen omkorleis vindturbinane og anleggsvegane påverkar reinen, om avbøtande tiltak og økonomisk kompensasjon. Detaljar i prosjekta blir justert for å minska dei negative konsekvensane, og pengar skiftar hender. Men er det nok? 

Det som det i alle fall ikkje er tvil om, er at inngrepa er store. Noregs vassdrags- og energidirektorat har inga oversikt over nøyaktig kor mange vindkraftverk som utfordrar reindriftsnæringa, men bortsett frå Hitra, Frøya og Snillfjord kan ein i praksis huka av for alle prosjekta i Trøndelag, Nordland, Troms og Finnmark.111 Og ingen stad er inngrepa større enn på Fosen, der ei gruppe sørsamar dei siste åra har kjempa for framtida si i retten. 

– Eg forstår ikkje korleis pengar eller andre typar erstatning skal kunna gje noko tilsvarande tilbake, om nokon tar området me er heilt avhengige av for å driva vidare. I staden for erstatning burde me heller ha snakka om korleis me kan bevara det som allereie finst, seier Maja Kristine Jåma, som dei siste åra har kjempa for familien sitt reinbeitedistrikt på Fosenhalvøya. 

Til saman er det seks familiar som driv med reindrift på Fosen: tre i den såkalla nordgruppa og tre i sørgruppa. I utgangspunktet valde dei i nord å gå i dialog med utbyggaren for å finna ei løysing som kunne fungera for begge partar. Gruppa i sør har derimot vore heilt klare på at dei ikkje ønskjer vindkraftutbygging på Fosen, og at det ikkje er noko som kan bøta på skadane ei slik utbygging vil medføra. I retten kjempar dei for å få omgjort eit ekspropriasjonsvedtak som legg til rette for vindkraftutbygginga. 

Det enda først med tap i tingretten. Sommaren 2020 kom dommen frå lagmannsretten, som tilkjende nesten 90 millionar kroner i erstatning til dei samiske familiane – eit resultat som ingen av partane var nøgde med. Medan familiane som driv med rein, ikkje kan slå seg til ro før vindturbinane blir fjerna igjen, meiner Fosen Vind at erstatninga er for høg. Resultatet er at begge partar har anka saka vidare til Høgsterett.


Alt å tapa 

På mange måtar viser Fosen-utbyggingane fram både det verste og det beste med vindkrafta. Arbeidet starta i 2002 og har ført til fem vindkraftverk som er samla under paraplyen Fosen Vind. Det første av dei, Roan vindpark, blei sett i drift i 2018. Året etter starta produksjonen i Storheia vindpark og Hitra 2 vindpark. Og før 2020 er omme, skal Harbarkfjellet vindpark og Geitfjellet vindpark vera i drift. Anlegga omfattar 277 turbinar og 241 kilometer med veg og skal produsera nok straum til 180 000 husstandar. Investeringa er på om lag 11 milliardar kroner. Til saman er det enorme summar og dimensjonar, men berre Storheia vindpark åleine er rekna som det største vindkraftverket i Noreg med sine 80 turbinar. 

For utbyggarane har det blitt eit utstillingsvindauge, med stor kraftproduksjon og lokalsamfunn som gler seg over den økonomiske utviklinga utbygginga har ført med seg. 

– Eg kan ikkje sjå at denne utbygginga raserer naturen. Dette er fjellområde som i liten grad er blitt brukt av folk tidlegare. No blir dette opna og blir meir tilgjengeleg enn før, sa Åfjord-ordførar Vibeke Stjern (Ap) i september 2019.112

Ho viste til at anlegget ville gje seks mil med nye turvegar og betydeleg med klingande mynt i kommunekassen. Nokre månader tidlegare blei ordførarkollegaen hennar i Roan, Einar Eian (H), sitert på at utbygginga er heilt fantastisk.113 Berre i tittelen og ingressen til NRK kunne lesarane få med seg at bygda med 950 innbyggarar no har råd til det meste; nytt bibliotek, ny sjukeheim, nytt servicebygg og nye tunnelar. Og alt kjem på grunn av vindkraftutbygginga. 

Utrekningar som Fosen Vind hadde gjort, viste at kommunane Roan, Åfjord, Snillfjord, Bjugn og Hitra samla kunne få nærmare 80 millionar kroner i eigedomsskatt frå dei planlagde vindkraftverka – kvart einaste år. For lokalpolitikarane var det som å vinna i Lotto. 

For motstandarane er heile distriktet, der det som til saman blir omtalt som Europas største landbaserte vindkraftverk dei siste åra, har reist seg, meir som eit skrekk-kabinett. Uansett kor ein snur og vender seg, er det vindturbinar. Og for dei som kjempar ein prinsipiell kamp mot vindkraft, uansett kor og korleis utbygginga skjer, kan urfolksrettar og reindrift vera gode argument å ha i ermet. Det gjev tyngde til argument som ikkje berre handlar om å verna sin eigen bakgard, og enkelte eg har snakka med, er heilt klare på at dette er noko dei må bruka for alt det er verdt for å stoppa alt som er av vidare vindkraftplanar her i landet. 

For samane på Fosen handlar det om korleis dei kan føra vidare dei gamle skikkane og levesettet til ei folkegruppe som nærmar seg smertegrensa for kva ho kan tola. Knapt 2000 sørsamar finst igjen, om ein reknar det samiske området på begge sider av svenskegrensa under eitt. Både språket, kulturen og næringsgrunnlaget står i fare. Forsvinn det no, er det ingen grunn til å tru at det kjem tilbake seinare. Daude kulturar vaknar ikkje til live. Difor kjempar dei så lenge det er håp, og kunne ikkje la resultatet frå lagmannsretten bli ståande, sjølv om terrenget alt har blitt endra av dei mange turbinane som har blitt reist. 

Maja Kristine Jåma ser på kampen i rettssalen som noko langt større enn ein konflikt om familien sine reindriftsareal. For sjølv om vindturbinane som alt er reist, neppe kjem til å bli fjerna igjen, kan ein siger i retten påverka seinare saker. Det er eit håp som er stort nok til å ofra både tid, pengar og krefter for. Dei ønskjer ikkje at andre skal måtta oppleva det dei sjølve har vore gjennom, og tar ein for laget for å redda dei gjenverande landområda. For det er ikkje meir å mista, meiner ho. 

Som stipendiat Eva Marie Fjellheim ved Senter for samiske studiar skreiv etter å ha sete på tilhøyrarbenken gjennom lagmannsretten si behandling av saka mellom samane og utbyggarane er rettssalens grå nyansar og formelle setting berre «business as usual» for somme. Jobben deira er å sikra det beste økonomiske utfallet, og dessutan omdømmet til arbeidsgjevarane sine. For andre er det eit rom fylt med usikkerheit og bekymringar. Det er ein stad der du har alt å tapa.114


Framtid i fare 

For familien til Maja Kristine Jåma kunne det knapt vore sannare. Eg snakkar med henne våren 2020, medan dei enno ventar på avgjerda frå lagmannsretten. Heile livet har ho sett føre seg ei framtid med reindrift, men no er ho ikkje lenger like sikker. Det er for mykje som er usikkert, for mykje som er sett i spel av presset frå storsamfunnet. 

For hennar eigen del er kanskje ikkje risikoen så stor. 26-åringen er utdanna lærar og har dei siste åra undervist i samisk og matte på vidaregåande i Grong. Frå hausten 2020 er ho tilsett som rådgjevar for Sametinget. Det er ikkje privatøkonomien det handlar om for Maja Kristine Jåma, som enno har ein far som har helse og lyst til å driva med reindrift, og dermed uansett må venta nokre år før ho sjølv kan ta over. I kampen mot vindkraftutbyggingane er perspektivet mykje lengre. Det handlar om generasjonar og om ein kultur som må takast vare på for at han skal kunna leverast levande vidare. Både med tanke på etterkommarane som kjem etter, og av respekt for forfedrane. 

– Eg kjenner på ei stor sorg. Dei områda som me og reinen er avhengige av, som våre forfedrar har brukt i fleire hundre år, er no tatt og gjort om til industriområde. Det er heilt forferdeleg å sjå utover mot kysten, der heile kystlinja er dekt av vindturbinar. Berre det å nærma seg Storheia, der ein ser dei faktiske inngrepa, er heilt forferdeleg. Eg klarer berre ikkje å sjå kva som kan erstatta det me har tapt her, seier Jåma. 

Og sjølv om lokalpolitikarane og staten har heia fram den storstila utbygginga på Fosen, har ikkje samane protestert åleine. Gjennom 2019 og 2020 har stadig fleire av vindkraftmotstandarane i landet vist støtte til protestane frå samane og mellom anna stilt opp for å demonstrera utanfor rettssalen. Og i 2018, rett før jul, bad FN sin komité mot rasediskriminering den norske staten om å stoppa arbeidet med Storheia vindpark medan dei handsama ei klage på utbygginga som dei hadde fått frå Samerådet. Regjeringa valde likevel å la arbeidet fortsetja, og olje- og energiminister Kjell-Børge Freiberg understreka at ei oppmoding frå FN-komiteen ikkje er juridisk bindande for Noreg.115

For Maja Kristine Jåma og familien var avgjerda berre eitt av mange skuffande vedtak frå norske styresmakter. Berre det å halda motet oppe, år etter år, er ein kamp. Og kanskje er det den aller viktigaste kampen dei har. Om dei først mistar motet, har dei verkeleg tapt, meiner Jåma. For det er ikkje første gongen staten har prøvd å ta motet frå samane. Det har skjedd før, mange gonger. Men det er alltid nokon som klarer å stå i det. Det er noko underliggande der, meiner Jåma. Ein har med seg ei kraft som er veldig sterk, ein arv frå forfedrane.


Moralsk base

 Samtidig meiner sametingsråd Silje Karine Muotka at det no er ein ny og skummel ingrediens som har blanda seg inn i miksen. For medan vegutbygging, hytter og kraftlinjer har utfordra beiteområda i mange, mange tiår, meiner Muotka at vindkrafta tilfører ein heilt ny dimensjon til debatten om samiske rettar. 

Ho snakkar omei grønsminka industrialisering, der ein for første gong i historia har fått ein moralsk base for utryddinga av kulturgrunnlaget til det samiske folket. 

– No kan me ofrast av omsyn til verdssamfunnet, for å redda kloden, seier Muotka. 

På seinsommaren 2020 kom det òg forskingsfunn som bygger opp om frykta for korleis vindkrafta påverkar reinen, og dermed òg livsgrunnlaget til samane. Eit ni år langt prosjekt i Rákkecoearru vindpark i Berlevåg gav fleire urovekkande funn. Mellom anna ser det ut til at reinen styrer unna store område rundt kvar vindturbin, som gjer at beiteområdet lenger unna blir meir belasta. I tillegg er trekkmønstera endra, og det ser ut til at simlene helst kalvar i område der dei ikkje kan sjå turbinane.116 

På sikt fryktar Muotka at den gradvise nedbygginga av samisk utmarksbruk og beiteområde vil vera spikaren i kista for heile den samiske kulturen. I nokre område meiner ho det er eit spørsmål om konvensjonen om sosiale og politiske rettar blir 199 brotne, at ein rett og slett blir nekta moglegheita til å utøva kulturen sin. Det er ikkje ei utvikling dei kan leva med. 

– Å berre godta at kulturen vår blir utsletta, er i alle fall ikkje eit alternativ.


NOTAR

101 «Samenes historie». Oppslag i Store norske leksikon: https://snl. no/samenes_historie 

102 «Behovet for arealer». Informasjonsside hos Landbruksdirektoratet. https://www.landbruksdirektoratet.no/ no/reindriften/fakta-om-reindrift/behov-for-arealer 

103 «St.meld. nr. 33 (2001–2002) Tilleggsmelding til St.meld. nr. 55 (2000–2001) Om samepolitikken». https://www.regjeringen.no/ no/dokumenter/stmeld-nr-33-2001-2002-/id196265/ 

104 «Alta-saken». Oppslag i Store norske leksikon: https://snl.no/Altasaken 

105 «Alternative fakta». Noregs vassdrags- og energidirektorat sine informasjonssider om Alta-saka: http://kultur.nve.no/utstillinger/ kampen-om-alta/saken-og-konfliktene/#Media_Mediakampen_ Alternative-fakta 290 

106 «Folket mobiliserer». Noregs vassdrags- og energidirektorat sine informasjonssider om Alta-saka: http://kultur.nve.no/utstillinger/ kampen-om-alta/saken-og-konfliktene/#Demonstrasjoner_Oslo_ Folket-mobiliserer 

107 «Samekvinner på Gros kontor». Noregs vassdrags- og energidirektorat sine informasjonssider om Alta-saka: http:// kultur.nve.no/utstillinger/kampen-om-alta/saken-og-konfliktene/ #Demonstrasjoner_Oslo_Samekvinner-pa-Gros-kontor- 

108 «Utbyggingsområdet». Noregs vassdrags- og energidirektorat sine informasjonssider om Alta-saka: http://kultur.nve.no/utstillinger/ kampen-om-alta/saken-og-konfliktene/#Altadammen_ Utbygningsplaner_Utbyggingsomradet- 

109 «Langvarig utbygging». Noregs vassdrags- og energidirektorat sine informasjonssider om Alta-saka: http://kultur.nve.no/ utstillinger/kampen-om-alta/saken-og-konfliktene/#Altadammen_ Utbygningsplaner_Langvarig-utbygging 

110 «Balsfjord-Skaidi». Informasjonsside hos Statnett. https://www. statnett.no/vare-prosjekter/region-nord/balsfjord–skaidi/ 

111 Kjelde: E-post frå Noregs vassdrags- og energidirektorat, 09.01.2020. 

112 «Siste turbin på plass i Storheia vindpark». Artikkel hos FriFagbevegelse, 10.09.2019. https://frifagbevegelse.no/nyheter/ siste-turbin-pa-plass-i-storheia-vindpark-6.469.644878. 943105f893 

113 «Nytt sykehjem, nytt bibliotek, nytt servicebygg og nye tunneler – takket være vindkraft». Artikkel hos NRK, 22.05.2019. https://www.nrk.no/trondelag/norges-storste-vindkraftverk-hargjort- underverker-for-okonomien-til-roan-kommune-i-trondelag- 1.14558508 

114 «Ærede Lagmannsrett». Artikkel hos Harvest Magazine, 05.02.2020. https://www.harvestmagazine.no/pan/aeredelagmannsrett 

115 «Staten trosser FN og Samerådet i vindkraftstrid». Artikkel hos NRK, 22.12.2018. https://www.nrk.no/trondelag/staten-stanserikke- vindkraftutbygging_-til-tross-for-anmodning-fra-fn-1. 14351540 

116 «Reinen skremmes av vindturbiner». Artikkel i Klassekampen 19.11.2020. https://klassekampen.no/utgave/2020-11-19/reinskremmes- av-vindturbiner

Dette blogginnlegget var først publisert som kap 9 i boka "Vindmøllekampen"

Anders Totland: Vindmøllekampen

Kvifor reiser folket seg til kamp mot vindkrafta? Kvifor har motstanden mot vindkraft eksplodert i Noreg? Utbygging av nye vindkraftanlegg hadde politisk støtte og skapte lite konflikt, men no er det bråk over heile landet. Debatten om vindkrafta har hardna til, nyhendebiletet er prega av brennande anleggsmaskinar, stadig nye rettssaker, skuldingar om korrupsjon, kommunevåpen som er spraya med hakekors, og utanlandske selskap har møtt påstandar om at dei prøver å fullføra det tyskarane ikkje klarte i 1945.  Anders Totland har reist land og strand rundt for å forstå kva i alle dagar det er som skjer. Han tar oss blant anna med til Trøndelag og den store, nasjonale mobiliseringa på Frøya, til starten på organisasjonen Motvind, til Sognefjorden der lokalpolitikarane kjempar iherdig mot utbyggingskåte selskap, og til Andøya der vindkraftmotstandarane har sigra. Totland viser korleis storpolitikken utspelar seg dag for dag, med stadig fleire kritiske blikk på vindkraftutbygginga. Men aller mest opptatt er han av menneska. Kva er det som får dei til å reisa seg til kamp? Kva er det som triggar og driv og får elden til å spreia seg frå sjel til sjel, og folk til å halda ut - år etter år?