«Marasco er magisk. Ho skriv slike ting som berre få forfattarar får til.»

«Marasco er magisk. Ho skriv slike ting som berre få forfattarar får til.»

Kristin Sørsdal visste tidleg at ho ville arbeide med språk. I dag lever ho av å omsetje bøker på fulltid. 

Kvifor blei du omsetjar, og korleis enda du opp som omsetjar av italiensk litteratur?

Heilt sidan eg budde i Napoli som 19-åring, har eg ønskt å arbeide med språk, både litterært og munnleg. Å jobbe som lærar i norsk som andrespråk, forfattar og omsetjar frå italiensk var i mange år ein kombinasjon som gjorde det mogleg å overleve økonomisk. Eg skreiv ei hovudoppgåve om omsetjing seint i trettiåra. Etter det byrja eg gradvis å tenkje på å omsetje italiensk skjønnlitteratur. Då Ferrante dukka opp, blei det mogleg å vere omsetjar på fulltid.  

Sigri Sandberg (Foto: privat)

Kva er det beste med å vere omsetjar? 

 Å ha tett kontakt med språk på fulltid og å kunne reise samtidig som ein jobbar. 

Og kva er det verste? 

At skjønnlitterær omsetjing ikkje er verdsett og lønna på ein slik måte at ein kan leve av det, men er avhengig anten av ulike stipend, at boka blir ein bestseljar, eller at ein har svært låge krav til inntekt. 

Finst det italienske ord eller uttrykk du synset manglar på norsk?

Verbet ”abbandonare” («to abandon» på engelsk) og substantivet ”abbandono” («abandonment») har dukka opp ofte som eit ord eg strever med å omsetje til norsk. Då tenkjer eg særleg på romantittelen I giorni dell’abbandono som blei til Svikne dagar på norsk, og romantittelen Il genio dell’abbandono av Wanda Marasco, ein tittel som viser til Vincenzo Gemito frå Napoli (1852–1929), ein foreldrelaus bilethoggar og målar som i kraft av å vere forlaten og sviken som barn blei eit geni i tydinga galen og genial.

Korleis fann du Wanda Marasco?

Då eg i 2008 starta å leite etter bøker å omsetje, altså rett før Ferrante, sa eg til meg sjølv at eg måtte snevre inn søket til å gjelde ”bøker av kvinner, helst frå Napoli, som skriv i ein rå, usentimental stil”. Då var det naturleg at vegen til Wanda Marasco ikkje var lang, endå eg ikkje hadde lese henne før Ferrante, og særleg fordi Marasco skriv frå nettopp det området der eg sjølv budde i Napoli som 19-åring, La Sanità. Wanda Marasco har dessutan vore blant dei fem finalistane til Strega-prisen for to av sine tre romanar.

Det er ein roman av dei sjeldne. Dessutan har romanen ei medkjensle for, og ein nærleik til, den døyande og døden som kanskje er gått tapt i vårt moderne, sterile samfunn, der idealet er å ha ein evig, ung kropp.

Kva fell du for ved boka hennar?

Marasco er magisk. Ho skriv slike ting som berre få forfattarar får til. Ho klarer å konsentrere skrivinga på ein slik måte at teksten lettar og lèt deg kjenne pusten av landskap som ingen før har sett, men som ein kjenner igjen, kanskje frå flyktige synsinntrykk som har lagra seg i minnet, frå draumar, frå eventyr ein høyrde i barndommen, frå djupe stader i sinnet.

Korleis synest du det var å omsetje Kompaniet av dikta sjeler? 

Litterært og språkleg sett kjenner eg meg nærmare den poetiske stilen til forfattarar som Herta Müller, Samuel Beckett og for den saks skuld Johannes Anyuru enn til prosaistar som Ferrante, endå eg har lært enormt mykje om god skriving av Ferrante. Derfor var det ein fryd å omsetje Kompaniet av dikta sjeler, endå stilen til Marasco er både krevjande og utfordrande.

Kva for tilknyting har Wanda Marasco til Napoli?

Marasco er frå Napoli, har budd der store delar av livet og er ein av få intellektuelle som er blitt verande i den vanskelege byen. Ho har arbeidd som lærar i dei røffe utkantsområda av Napoli og i ulike napolitanske teaterkompani, og ho bur rett over bydelen Sanità, i Capodimonte-åsen, den ”fattige” åsen som vender mot Vesuv, i motsetning til den «rike» åsen Posillipo som vender direkte mot Napoli-bukta.

Korleis vil du beskrive skrivestilen til Marasco?

Poetisk, gåtefull, konsentrert, rå og svært prega av teatererfaringa hennar. Dessutan er romankarakterane tett knytte til landskapet og naturen dei beveger seg rundt i, frå kjensla av eikenøtter og brustein under føtene til sprekkane i muren i dei tronge gatene, til dei ulike skyformasjonane over hovudet.

Kva er det unike med Marascos forfattarskap og måten ho vel å fortelje historia i Kompaniet med dikta sjeler på? 

Den djupe pusten som går gjennom alt Marasco skriv, måten ho får romankarakterane til å leve på, gjennom få, konsentrerte ord. Korleis ho klarer å puste liv i Historia utan å fortelje henne som noko fortidig, men som noko som lever i evig presens på livets teaterscene. I Kompaniet av dikta sjeler, der overgangen mellom liv og død står sentralt, klarer ho ved hjelp av teknikkar som er henta frå teateret, å puste liv også i dei døde, slik at dei får komme tilbake og fortelje historia si.

Kvifor skal norske lesarar lese Kompaniet av dikta sjeler

Det er ein roman av dei sjeldne. Dessutan har romanen ei medkjensle for, og ein nærleik til, den døyande og døden som kanskje er gått tapt i vårt moderne, sterile samfunn, der idealet er å ha ein evig, ung kropp.

Skjebnetung familiesaga frå Napoli

Frå toppen av Capodimonte ser Rosa utover Napoli. Ho sit ved dødsleiet til mor si, Vincenzina, og snakkar til sjela hennar. For å lindre alle sår som har sett eit uutsletteleg preg på livet til dei begge, kallar ho fram historia til mora: Ungjenta Vincenzina drar frå ei fattig landsbygd, møter Rafele, son av ein fallen overklassefamilie. Ho giftar seg med han utan velsigninga til mor hans og flyttar til den fattige åsen i Napoli der Rosa veks opp. 

Kritikarroste Wanda Marasco tek oss med til eit kaotisk og brutalt Napoli. Kompaniet av dikta sjeler er ei forteljing om tre slektsledd kvinner, om overgrep, sjukdom, galskap og kjærleik, som beveger seg mellom livet og døden i ein by med ein nekropolis under brusteinane. Marasco, kortlista til den prestisjetunge Strega-prisen både i 2015 og 2017, viser oss eit sanseleg, mystisk og skjebnetungt Napoli.

Omsett frå italiensk av Kristin Sørsdal.