Kva er du redd for?

Kva er du redd for?

Dei skriv slik at det går kaldt nedover ryggen. Væpna med grufulle hendingar og skremmande persongalleri skriv dei fram grøssarar som engasjerer. Men kva blir dei sjølv skremde av? 

Grøss & gru er ein grøssarserie for ungdom, utvikla i samarbeid med Leser søker bok. Under denne vignetten skriv fleire av våre fremste forfattarar grøssarar for dei lesarane som les i motvind. Til no har Lars Mæhle, Tor Arve Røssland, Laura Djupvik og A. Audhild Solberg gitt ut bøker i denne serien. I mai kjem Linn T. Sunne med boka Mareritt.  Serien har blitt veldig populær mellom ungdommane, noko som gir seg utslag i mange og gode meldingar på U-prisen.no

Tor Arve Røssland er nominert til den gjæve U-prisen for boka Den tolvte spelaren. Han er overtydd om at årsakene til at ungdommen likar grøss, ligg i at dei framleis er opne til sinns. 

– Dei er ikkje så låste fast av trauste og kjedelege haldningar, som vaksne ofte lid av. Dei likar rett og slett å bli skremde, og dei likar at det i den verda me lever i, med overflod av informasjon, finst skrekkelege historier som kan skremme dei, seier Røssland. 

 

Det stiller A. Audhild Solberg seg bak. Ho er aktuell med Den svartkledde jenta

– Å lese ein god grøssar er litt som å køyre berg-og-dal-bane og hoppe i fallskjerm; du blir totalt oppslukt av det som skjer der og då. 

– Det er jo den følelsen mange av oss er på jakt etter, både når me les bøker, og i livet elles. Å vere intenst til stades kan gi ei kjensle av rus, seier Solberg. 

                                    Kva var skummelt då du var ung? 

 Tor Arve Røssland: Edderkoppar. 

 Lars Mæhle: Å gå heim frå fotballtrening i mørket - og passere dumpa ved huset der det visstnok spøkte. Det gjekk forteljingar om ein tysk soldat som gjekk igjen og spela piano i kjellaren der. Dette skreiv eg elles om i boka mi òg, Død eller levande. 

 Linn T. Sunne: Alt mogleg! Eg var nok eit av dei mest lettskremte og mørkredde barna i heile fylket. Eg var mest redd for overnaturlege ting og hadde god fantasi. Dårleg for nattesvevn, men bra for lesing utover natta.

 A. Audhild Solberg: Mørket, skogen og gamle hus, særleg ein fråflytta husmannsplass like ved byggefeltet eg voks opp på. Dit våga eg ikkje gå midt på dagen eingong. Da eg var tenåring på 80-/90-talet, gjekk skrekkfilmar som Nightmare on Elm StreetChild’s Play og Pet Semitary rett i fletta på meg, for ikkje å snakke om Twin Peaks! Eg blei så redd første gong Killer Bob dukka opp på skjermen at eg ikkje visste om eg skulle stå eller sitte. Samtidig var eg trollbunden og klarte ikkje sjå vekk. Sidan har eg elska skumle bøker og filmar. 

Laura Djupvik: Vindauge som såg på ein, utstillingsdokker og filmar med nazistar. I tillegg til moskusoksar, sjølvsagt. 

Den tolvte spelaren

Kevin har flytta til Våg. Han merkar raskt at noko er annleis her. Den tåkelagde bygda har noko hemmelegheitsfullt ved seg. Og farane som lurer, kan plutseleg stå rett framfor deg.

PRIS 218,-

Den svartkledde jenta

Ei mystisk jente følgjer etter Hanna som er på veg heim frå kjærasten. Ute på ei bru set jenta i eit fryktelig skrik før ho forsvinn. Kven er den svartkledde jenta?

PRIS 218,-

 

Den andre søstera 

Selma og familien arvar eit gammalt hus. Men Selma tør ikkje vere der åleine. Ho høyrer merkelege lydar og uforklarlege ting skjer.

PRIS 218,- 

Død eller levande

Tvillingane Simon og Katrin kan sanse og fornemme meir enn andre. Særleg hos Simon er Evna sterk. Ein dag kjem ein ukjend mann til dei med eit oppdrag: Han treng hjelp til å finne dotter si, som forsvann for over tretti år sidan. Simon og Katrin må gå inn i sprekkar av tid og rom - og inn i Bekkedalen.

PRIS 218,-

Mareritt

Mattias bråvaknar av skriket til ei jente. Han har drøymt om røyk og flammer. Det både lukta og høyrdest ut som ekte brann. Det er som om skrekken til jenta set seg i Mattias. Draumane vil ikkje gi seg. Kven er jenta som skrik? Kva vil ho?


KOMMANDE