Livet er ikkje for pyser

Livet er ikkje for pyser

I Åshild Moldskreds Berre hopp! gir 11 år gamle Ingeborg lesaren eit innblikk i korleis det er å leve med høyreapparat. Forfattaren vil mellom anna få lesaren til å tenkje over kvifor det er så vanskeleg å like seg sjølv.

Korleis vil du sjølv beskrive Berre hopp!?

Boka handlar om Ingeborg, som kjenner seg annleis fordi ho brukar høyreapparat. Pernille har fram til nyleg vore bestevennen hennar og har alltid vore der og støtta Ingeborg viss andre har sagt noko eller erta henne for høyreapparata. Ingeborg kjenner endå meir på at ho er annleis no når Pernille er borte. Då dalar sjølvtilliten, og for å hjelpe så kjem storebror Emil med ei utfordring til Ingeborg: Ho skal gjere fire ting som ho eigentleg ikkje tør, for å prøve å bli tøffare.

Var du bestemt på tematikken då du gjekk i gang med å skrive, eller var det ei meir organisk utvikling av han etter kvart?    

Eg brukar høyreapparat sjølv, så eg visste eg ville skrive om ei jente med same funksjonsnedsetjing. Ideen om at ho skulle gå gjennom ei slags trening for å øve seg på å bli tøffare, var også klart frå starten. Livet er ikkje for pyser, vi må jo alle tole ein del, og spesielt om ein av ulike grunnar skil seg ut. 

Utgangspunktet var Ingeborg og besta, men så dukka dei andre opp etter kvart.


Korleis har skriveprosessen vore denne gongen? Skil han seg får korleis dei førre utgivingane dine har vore, eller byrjar du å sjå eit mønster i måten du arbeider på? 

Berre hopp! starta faktisk som ei biletbok, og planen var å hente inn nokon som kunne illustrere. Etter kvart så voks prosjektet seg fram med meir og meir tekst. Då kom også fleire karakterar til. Utgangspunktet var Ingeborg og besta, men så dukka dei andre opp etter kvart. Når eg tenkjer tilbake til korleis eg har gjort det med tidlegare bøker, ser eg at denne prosessen har vore annleis. Tidlegare har eg skrive mykje på impuls utan ein overordna plan, medan eg no har blitt meir fan av strukturert arbeid.

Med Berre hopp! hadde eg ei meir gjennomarbeidd handlingslinje, der eg hadde klart for meg utviklinga både i handling og av karakterane før eg byrja å skrive. Sjølvsagt har det utvikla seg undervegs, men med tidlegare utgjevingar har eg rota meg litt vekk i prosessen. Det blir fort mange trådar å halde oversikt over, og å samle alle trådane til slutt blir vanskeleg. Så ja, dette har vore ein annleis prosess, og eg trur nok eg vil fortsetje med denne tilnærminga.  

Har du andre som les manus undervegs, eller held du teksten tett til brystet? 

Før eg sende manuset inn til forlag, las mamma mange versjonar. I denne prosessen har redaktøren min, Elen, vore heilt sentral. Ho er utruleg dyktig og fortener mykje skryt. Det tok jo opp mot to år frå eg sende inn til det blei avgjort at det faktisk skulle bli bok av dette. I ein så lang prosess kan det vere lett å gi opp og rote seg vekk, og det er vanskeleg å skrive fram ei god historie som også er tilgjengeleg for lesaren. Elen er god til å peike på spesifikke ting eg kunne jobbe vidare med, og ho gav meg kjensla av at eg kom til å komme i mål. Utan ein god redaktør hadde det aldri gått.

Tenkjer du på lesaren medan du skriv? 

Nei, eg tenkjer eigentleg mest på karakterane mine. No som eg skreiv frå eg-perspektivet, blei det heilt naturleg for meg å tenkje og sjå dette gjennom Ingeborg sitt perspektiv. Då forsvann målgruppa og lesarane litt i bakgrunnen. 

Målet mitt var å skrive fram alle karakterar så ekte og sanne som mogleg, ikkje sensurere for mykje. Dette tenkte eg spesielt på då eg skreiv at faren til Ingeborg hadde nokre dropar rom i blodet då han sjekka opp mora. Det kjentest litt risikabelt, men samtidig seier det noko om kven han er. Dette håpar eg at lesaren kan merke, at karakterane er truverdige, og at dei derfor er verde å bruke tid på å lese om.

Det er viktig for meg å vise at ei funksjonsnedsetjing ikkje definerer eit menneske. 


Har du nokon klar tanke om kva du vil at lesaren skal sitje att med etter å ha lese boka? 

Det er viktig for meg å vise at ei funksjonsnedsetjing ikkje definerer eit menneske. Eg håper at det å få eit innblikk i korleis det er å leve med høyreapparat, kan gi ei forståing av korleis dette påverkar kvardagen til brukaren. Med det vil eg jo gjerne nå både dei som kan kjenne seg att i dette, anten dei sjølv har høyreapparat eller kjenner nokon som brukar det, eller dei som fell litt utanfor på grunn av andre utfordringar. 

Sjølvtillit har òg vore eit sentralt tema, så eg blir glad om det å lese boka kan få lesaren til å reflektere over kvifor det skal vere så vanskeleg å like seg sjølv. Signe, læraren til Ingeborg, seier at viss vi likar oss sjølv, så likar vi også andre betre. Eg trur det er mykje sant i det. Mobbarane har det jo ofte vondt sjølv, så eg tenkjer det er viktig å jobbe med å få barn til å kjenne på at dei er bra nok.

Har du nokon råd til korleis vi best kan møte personar med høyrselstap? 

Først vil eg seie at eg godt kan forstå at det ikkje er lett å setje seg inn i korleis det er for ein med nedsett høyrsel. Råda er eigentleg enkle, og ganske logiske når ein tenkjer seg om: Snu deg mot personen du snakkar med, slik at dei ser fjeset og munnen din. Viss ein person snur seg vekk frå meg, så blir språkforståinga mykje dårlegare. Det same gjeld om nokon går ut av rommet og fortset å snakke. Så det handlar berre om å stå normalt nært og sjå på den du snakkar med. Og å snakke tydeleg, utan å rope.     

Er det noko eller nokon som inspirerer deg til å skrive, eller som påverkar teksten medan du jobbar? Les du andre bøker medan du er i eigen skriveprosess? Og er det nokon forfattarskapar du vil trekkje fram som spesielt verdifulle for deg? 

Eg hentar mykje inspirasjon frå musikk og høyrer ein del på musikk også medan eg skriv. Det å gå lengre turar, som topptur med snøbrett, gir meg god tid til å tenkje. Då kjem det gjerne mange idear, og eg finn fram mobilen og noterer litt stikkord undervegs. 

Eg får også mykje inspirasjon av å lese andre sine bøker, å sjå korleis dei gjer det. Ofte leiter eg etter måtar å løyse noko eg sjølv synest er utfordrande. Det kan vere korleis ein kan skrive fram personlegdom på ein naturleg måte, eller korleis eg kan avrunde historia. Harry Potter er ein favoritt, eg les minst ei bok frå serien i året. Elles er Roald Dahl min store barndomshelt, og det var då eg las Heksene at eg bestemte meg for at eg ville dikte mine eigne historier. Det er noko med den rampete stilen og dei ville overdrivingane som appellerer til meg, eg synest han er så god til å sjå verda frå perspektivet til barn. Dessutan er Siri Pettersen ein rå historieforteljar som eg lærer av og ser opp til.

 


Berre hopp
Åshild Moldskred

Korleis bli tøff på to veker? Ingeborg er van med å ha Pernille der heile tida. Ei kul og sterk bestevenninne som veit kva ho skal seie viss nokon prøver å erte Ingeborg for høyreapparata. Men no er dei blitt uvenner, og Ingeborg blir stadig mint på at ho er annleis. Ein dag då alt er ekstra kudrit, gir storebror til Ingeborg henne ei utfordring: For at ho skal slutte å bry seg om kva andre seier om henne, skal ho gjere fire ting som ho aldri har tort før. Men korleis skal ho tore å gjere noko som er så skummelt at ho knapt vågar tenke på det? Og korleis kan du eigentleg vite om du er blitt eit tøffare menneske? 

Åshild Moldskred (f. 1978) kjem frå Haddal i Ulstein kommune og bur i Trondheim. Her studerer ho ergoterapi ved NTNU. Dette er den tredje boka hennar for barn og ungdom.

 

kjøp boka her