Lesetips til kvinnedagen

Lesetips til kvinnedagen

8. mars er rett rundt hjørnet. Her finn du tips til sterke leseopplevingar frå, med og om kvinner.
God lesnad!

 

Susanna Alakoski
Bomullsengelen
 
Rikt storverk om kvinneliv gjennom fire generasjonar.
 
Hilda blir fødd i 1905 og veks opp på garden Sorola i Österbotten, i ei tid der Finland er prega av uår og krig. Mor fekk stiresjuka etter fødselen og er bortanfor alt. Far er i Amerika. Men Hilda er ikkje einsam, ho har katten Kisuli og eldgamle, gudfryktige Sanna-täti som tar hand om alt. Då Hilda blir større, hamnar ho i ulykka og må reise frå tryggleiken heime for å gå i teneste på ein annan gard. Det er tungt arbeid frå morgon til kveld, fritid kan ho sjå langt etter, og ho kjenner arbeidet på kroppen sjølv om ho enno ikkje er fylt tjue. På garden er også Helli, som blir hennar beste ven. Helli forstår ikkje kvifor nokon må slite så hardt for andre, og tar med seg Hilda til Vasa, til den oransjefarga bomullsfabrikken og ein lovnad om eit anna liv.

 Allereie lest boka? Andre bok i kvartetten er ute nå!


Londonjenta er andre bok i den kraftfulle Bomullskvartetten om liv, arbeid og lengt for kvinnene i Finland og Sverige på 1900-talet. Dette er ei forteljing om arbeid, kjærleik og vennskap, der kvardagsliv og verdspolitikk er trådar i same veven.

 

KJØP BOKA


Maren Uthaug
11%

 

«Du kan jo fundere på korfor det er så mange ord som aldri har blitt danna i feminin form. Som drapsmann og valdtektsmann. Eller krigsherre.»

Det er ei ny tid, heilt utan menn. Med unntak av nokre få hannar som blir forvara i eit avlssenter på Lolland. Fire kvinneliv blir motvillig vikla inn i kvarande, men dei blir tvinga til å samarbeide då det dukkar opp ein gut i det fri. Spørsmålet er på kva tidspunkt guten inneheld så mykje testosteron at han blir eit trugsmål mot dei alle.

 

Romanen er omsett av Ingvild Holvik.

 

KJØP BOKA


Kristin Fridtun

Klok kvinne eller digg dame?: eit stridsskrift om kjønn og Håvamål-omsetjing


Eit feministisk djupdykk i Håvamål.

Eddadiktet Håvamål har vore folkelesnad i mange generasjonar. Dei fleste av oss les diktet i omsett form, men kven er det som står bak omsetjingane? Og kor frie har omsetjarane tillate seg å vera, til dømes i framstillinga av kvinnefigurar?

Forfattar og norrønfilolog Kristin Fridtun er ein ihuga lesar av eddadikta. For nokre år sidan la ho merke til at den kvinnelege Håvamål-figuren Billings møy var framstilt litt annleis i norske omsetjingar enn i den norrøne grunnteksten. Var ikkje møya vorten litt penare i dei norske utgåvene? Og litt dummare? Fridtun tok til å saumfara utgåver på andre språk. Då dukka fleire spørsmål opp. Kvifor er det nesten berre menn som har omsett eddadikt til skandinavisk? Kvifor er Billings møy naken i illustrasjonane? Og kva veit vi eigentleg om henne?

Dette er ei lita bok om tre store tema: kjønn, omsetjing og norrøn litteratur. Fridtun tek oss med inn i originalteksten - her kjem vi så tett på ei Håvamål-strofe som vi aldri før har vore. Ho viser oss kva omsetjarane har å baksa med, samanliknar løysingane deira og diskuterer vala dei har gjort. I sentrum for det heile står Billings møy, ein lite kjend kvinnefigur som no vert lyft fram i lyset.

"Som forfatter kan Fridtun minne om humoristene Agnes Ravatn og Kjersti Rorgemoen. Tonen er frekk og tørr og samtidskommenterende, noe allerede tittelen på hennes bøker bærer bud om [...]" - Ingunn Økland, Aftenposten


KJØP BOKA


Leonora Carrington
Høyreluren

Surrealistisk klassikar.


«Ein av dei mest originale, gledelege og visjonære romanane i det 20. hundreåret», har den britiske forfattaren Ali Smith uttalt om Leonora Carringtons meisterverk «The Hearing Trumpet» frå 1974. Romanen byrjar med at 92-årige Marian Leatherby blir tvinga på pleieheim av sonen og svigerdottera. Her blir ho dradd inn i ein labyrint av underlege og etter kvart livsfarlege hendingar. På veggen i matsalen heng eit måleri av ei mystisk abbedisse, som blunkar til henne. Når Marian får tak i ei bok om abbedissa sitt liv, blir vi med fleire hundre år tilbake i tid til eit oppdrag for å bringe den heilage gralen attende til sin rettmessige eigar, gudinna Venus.

«Høyreluren» er ei vilt fabulerande, humoristisk og satirisk forteljing, eit sprudlande, feministisk manifest og ein kommentar til det mannsdominerte samfunnet si rovdrift på naturen. 

 

Kristin Auestad Danielsen
Du er bonde

Om odelsjenter og antidrift.

«Du er ikkje fødd odelsjente», sa Simone de Beauvoir, «du blir det.» Men slik er det ikkje i Gjesdal kommune. Iallfall ikkje på 1990-talet. Tiåret då Noreg fekk ny konge, då Lady Diana døydde, og då det gjaldt å halde på jomfrudommen så lenge som mogleg utan å vere prippen.

To jenter overtar kvar sin gard, og det blir ein kamp om korleis ein skal drifte jorda. Mens den eine utviklar nye sauesortar og sprenger tunellar på alle kantar, synest den andre at det moderne landbruket har gått for langt - ho lanserer tanken om antidrift. Men dette skal vise seg å vere ein farleg idé med alvorlege konsekvensar ikkje berre for henne, men for heile Jæren.

«Du er bonde» er ein fabel om arv, plikt og seksualitet i det moderne landbruket.

 

KJØP BOKA


Warsan Shire
Eg lærer mor mi å føde

Krigens brutalitet i rå kjensler. Den kenyanskfødde, britisk-somaliske poeten Warsan Shire (f. 1988) tok verda med storm med diktsamlinga «Eg lærer mor mi å føde» i 2011 - også superstjerna Beyonce, som siterer Shire i fleng på albumet «Lemonade» frå 2016.
 
Boka er ein hyllest til familien, som måtte flykte frå heimlandet, og dikta teiknar bilde av krigsherja landskap med omstreifande militsgjengar og liv levde i frykt og terror. Shire konfronterer lesaren med menneske tvungne til å forlate heimane sine og tanken om at ingen er trygge om katastrofen skulle inntreffe - heller ikkje i Vesten.
 
Kroppen er eit viktig motiv - først og fremst kvinnekroppen - og valden som blir utført mot han, både i og utanfor heimen. Ved å hevde fullstendig eigarskap over eigen kropp proklamerer ho at ho, trass systematisk undertrykking, rasisme og brutalitet, ikkje vil la seg kue. Shire sparer ikkje på detaljane, og røysta hennar flyt over på papiret i rå kjensler og eit vakkert, bilderikt språk.

 

Gjendikta frå engelsk av Camara Lundestad Joof og Kristina Leganger Iversen.

 

KJØP BOKA

 

 

Kristina Leganger Iversen
Bli mor no?

Eit forsøk på å finne ut kva det vil seie å vere mor. Kristina Leganger Iversen er 28 år, bur i ei toroms leilegheit og har ei mellombels stilling ved universitetet. No lurer ho på om ho har lyst på barn. Men å bli mor er ei livsomveltande endring ho ikkje aner konsekvensane av - for kven blir ein om ein blir mor?

Politikarar og forskarar roper med jamne mellomrom varsku over låge fødselstal, barnlause menn og gamle førstegongsmødrer. Alderen på førstegongsfødande i Noreg aukar, og stadig fleire kvinner og menn har ikkje fått barn ved fylte førtifem.
 
I «Bli mor no?» skriv Kristina Leganger Iversen personleg og politisk om valet ho står i. Ho undersøker kva morskapet tyder - historisk, økonomisk, i litteraturen og i hennar eige liv. Det handlar om å tenkje, tvile og så kanskje tørre å kaste seg ut i det.

 

KJØP BOKA

Olga Ravn
Arbeidet mitt

Oppgjer med morsrolla.

Forfattaren Anna er i sjokk etter å ha fødd sitt fyrste barn. Ho og kjærasten Aksel fell motvillig inn i gamle kjønnsroller, og Anna føler seg åleine om dette enorme nye ansvaret. Ho vert råka av ein altoppslukande angst. På randa av eit mentalt samanbrot kjenner ho korleis det å vera seg sjølv og det å vera mor blir motsetningar, og korleis det å skriva og vera mor samstundes blir umogleg. Korleis skal ein handtera den skamma som oppstår når ein ikkje kan kjenna seg att i samfunnet sitt tronge normalitetsomgrep?

«Arbeidet mitt» er ei bok om den radikale erfaringa det er å verta mor, om skitentøy, skriving og shopping og om å læra å elska det engstelege og opne i livet med barn. For romanen fekk Olga Ravn Politikens litteraturpris i 2020.

Boka er sett om til norsk av Inger Bråtveit.


KJØP BOKA

 


Meir frå Olga Ravn: Eg et meg sjølv som lyng

 

Frå jente til kvinne.

 

Eg et meg sjølv som lyng er ei lyrisk, temperamentsfull og original samling om å rive seg laus frå rolla som ung jente, utan å vite kva ein elles kan vere. Olga Ravn skriv i denne debutboka om lengten etter å vere bortanfor det seksualiserte og om kroppen som skodeplass for privat og offentleg dragkamp. Verda trengjer seg på, og kroppen går sine eigne vegar. Språket i denne boka er viltveksande, prega av overskot og mot.


KJØP BOKA


Elena Ferrante
Den dunkle dottera

Leda er ei 47 år gammal veletablert yrkeskvinne. Døtrene har nettopp flytta til faren i Canada, og no ser ho fram til å dra på ferie åleine til sørkysten av Italia. På stranda er ho kvar dag omgitt av ein støyande napolitansk storfamilie. Ho blir meir og meir oppteken av ei ung jente og dottera hennar. Ho vekslar mellom å beundre og å vere sjalu på den unge kvinna og barnet, men avskyr familieklanen som omgir dei. Leda blir overvelda av minna om dei vanskelege og ukonvensjonelle vala ho gjorde som ung mor, og konsekvensane dei fekk for henne og familien.

 

Den dunkle dottera kom ut på italiensk i 2006. Frå italiensk ved Kristin Sørsdal.


KJØP BOKA
8. marsKvinnedagen