Samlaget søkjer manusredaktør til 100 % fast stilling
Søknadsfrist 8. juni.
Som manusredaktør får du bli med inn i litteraturens bakrom: Du får arbeide med å kvalitetssikre og forbetre litteraturen til nokre av dei dyktigaste og mest spennande forfattarane i Noreg i dag. Du bidrar til at tilfanget av god litteratur på nynorsk blir stadig større og betre. Og du får arbeide i eit forlagskollektiv med dyktige og rause medarbeidarar.
Arbeidet med godt og korrekt språk er ein del av kjerneverksemda i forlaget, og manusredaktøren har ei nøkkelrolle. Vi ser etter ein person med solid språkkompetanse, særleg innanfor nynorsk. Du må vere ryddig og strukturert og like å halde kontakten med frilansarar, forfattarar og leverandørar. Du bør ha erfaring frå språkvask og korrekturarbeid, og du bør ha nynorsk som hovudmål.
Hovudarbeidsoppgåver:
- Koordinering og framdrift av bokprosjekt
- Oppfølging av språkvask, klargjering av manus til produksjon og jamføring av korrektur
- Rettleiing, administrering og vurdering av redaksjonelle frilansarar
Om forlaget:
Det Norske Samlaget er ei stifting som gir ut bøker på nynorsk: skjønnlitteratur for barn og vaksne, sakprosa og lærebøker til høgare utdanning. Forlaget gir ut om lag 100 nye titlar kvart år og har over 2800 titlar i sal. Forlaget har 25 tilsette. Årleg omsetning er på rundt 65 mill. kroner og økonomien er god. Vi har fleksitid, sommartid og pensjons- og forsikringsordning. Lønn etter forlagets lønnssystem. Arbeidsspråket i forlaget er nynorsk.
Søknadsfrist:
8. juni 2020.
For spørsmål om stillinga, kontakt forlagssjef Håkon Kolmannskog,
tlf. 47 41 37 81
Send søknad til h.kolmannskog@samlaget.no