Bokhandelens forfattarstipend til Mads Rage!

Bokhandelens forfattarstipend til Mads Rage!

I samband med den knallsterke debuten i 2018, Og skipet siglar vidare, blei Mads Rage kalla «ein å fylgje med på». Allereie året etter kom andreboka, den elleville soga Miklastaur, som meldarane skildra som intelligent og veldreidd, fantasirik og overskotsprega. I år kjem Rages tredje roman, Tre vener og ein dum ting, og for å toppe det heile blir han no tildelt Bokhandelens gilde forfattarstipend. Det er ikkje tvil: Mads Rage er verkeleg «ein å fylgje med på»! Vi gratulerer!

Mads Rage har en språklig begavelse som gjør ham i stand til å turnere både de vakreste naturskildringer og den mest absurde situasjonskomikk med stødig hånd. Miklastaur er en sann glede å lese, en imponerende prestasjon av en forfatter som fremdeles står ved begynnelsen av sin karriere.

Frå grunngivinga til juryen. 

Vi feirer med ein eksklusiv smakebit frå den nye romanen, saman med utdrag frå Og skipet siglar vidare og andreboka Miklastaur.

Tre vener og ein dum ting (2020)


Miklastaur (2019)


Og skipet siglar vidare (2018)