Johannes Gjerdåker 1936–2020

Johannes Gjerdåker 1936–2020
(Døde 27.04.20, 84 år gammal)

Når ei vise vert forløyst,

vil ho lenge svinga;

vekkje mål i mang ei røyst,

mod i mang ei bringa.

Slik kling Guðrún Benónýsdóttirs islandske vers i Johannes Gjerdåkers gjendikting. Omsetjaren, lokalhistorikaren og forfattaren Gjerdåker sette tydelege spor etter seg i norsk litteratur og i alle som møtte han. Forholdet hans til litteraturen og til menneska var prega av den same varmen og respekten, og ein kunne ikkje unngå å bli slått av vennlegheita, nysgjerrigheita og den enorme kunnskapen hans. Eller bli prega av det alvorlege ansiktet som når som helst kunne sprekke opp i det største smilet. Visene og strofene han gjendikta, vil svinge lenge etter at også vi har gått bort.

Gjerdåker var ei sentral røyst i norsk litteratur gjennom sin posisjon som velrenommert gjendiktar. Han blei tildelt Bastianprisen, Melsomprisen og Kritikarprisen. Dei omfattande litteratur- og språkkunnskapane hans gjekk hand i hand med eit særleg godt minne, og dei som les Olav H. Hauges Dagbøker, vil finne talrike døme på respektfull ros av kva den livslange samtalepartnaren kunne gjendikte av både vestlege og austerlandske klassikarar: «Eg vert skræmd kor godt han hugsar det han har lese. Persisk og gamalnorsk – det er greidt for han.» (Band IV) Samlaget fekk gleda av å gi ut arbeidet hans med Horats, Friedrich Schiller og Robert Burns. Den seinaste utgivinga, Glimesteinar frå islandsk visetradisjon, er eit arbeid i særklasse, som ruvar heilt der oppe med den unike gjendiktinga hans av Omar Khayyams Ruba'iyat frå persisk.

Gjerdåker var sjølv forfattar. Han debuterte som lyrikar i 1978 med Skot på gamal stuv og skreiv fleire lokalhistoriske bøker. Han blei tidlegare i år heidersmedlem i Voss mållag. Nynorsken og det sterke lokale språkøyret bidrog til at dei utanlandske tekstane fann ein naturleg plass i hans eiga skrift.

Det er ei underdriving å seie at Gjerdåker arbeidde grundig og langsamt. Han levde med litteraturen, og litteraturen levde i han. Strofer og fragment han hadde lært utanåt og bore med seg i årevis, kunne finne si form like før eit manus skulle til trykkeriet. Gjerdåker ringde forlaget og sjonglerte med alternative formuleringar på direkten, med mål om å få rytmen i eit vers av Horats til å gå opp med innhaldet på best mogleg måte. Så kunne boka trykkast.

Læraren Gjerdåker blei synleg der han midt i framføringa av eit dikt stoppa opp for å forelese over eit ord, eit tema eller ein person. Samanhengen var vel så viktig som innhaldet, og Gjerdåker ville ikkje snyte publikum for viktig informasjon. Han delte av kunnskapen, før han las vidare – med innleving og autoritet.

Gjerdåker sa ofte «her i Europa» der andre ville sagt «her i Noreg». Hans Voss på 2000-talet var også eit Europa med røter attende til antikken. Samtalte ein om islandske viser, kunne popartisten Björk bli nemnd. Då viste han den største interesse. Alt hang saman i kunsten og kulturhistoria, og det var like naturleg for han å diskutere metrikken hos Horats som å plassere islandsk popmusikk i ein lengre tradisjon.

I denne fragmenterte og ofte uoversiktlege tida er det viktig for oss å forstå den klassiske litteraturarven og vårt slektskap til denne. For norske lesarar er Gjerdåkers gjendiktingar eit naturleg startpunkt. I desse tekstane snakkar han til oss med fortidas røyster, men han snakkar samstundes for framtida og insisterer på den allmenne relevansen til desse skriftene. Det er lett å miste motet når ein av dei store skaldane no har gått bort. Men Gjerdåker ville nok gledd seg over å stå som eit forbilde også for framtidig klassisk danning, historieforteljing og litteraturformidling. Det er derfor freistande å la Horats’ ord over Quintilius (skrivne til Vergil) stå som avskilshelsing til gjendiktaren sjølv:

Finst det grenser for sorg? Kan saknad haldast løynd,

når ein så kjær gjekk bort? Stem i ein syrgjesong

for oss, Melpomene! Deg var det Jove gav

klåre røysta med lyrespel.

*

David Aasen
Forlagsredaktør for skjønnlitteratur 
Det Norske Samlaget