Eksklusiv digital samtale med
Jon Fosse om storverket Septologien
Kl. 20 den 9. mai kan du oppleve Jon Fosse i ein eksklusiv samtale med sin amerikanske omsetjar Damion Searls og kritikar og skribent Dustin Illingworth, om første band av Septologien, Det andre namnet I-II. Den anerkjende bokhandelen Community Bookstore i Brooklyn, N.Y. er arrangør. No får vi ein sjeldan moglegheit til å sjå og høyre Fosse snakke om boka direkte frå grotten.
Påmelding til arrangementet skjer her: https://www.crowdcast.io/e/jon-fosse/register
powered by CrowdcastSeptologien er eit suggererande og storslått romanverk om kva kunst er, om Gud, alkoholisme, vennskap og tida som går. Det handlar om døden, men òg om kva det vil seie å vere i livet. Verket er sett saman av dei tre bøkene Det andre namnet, Eg er ein annan og Eit nytt namn, og dei to neste bøkene vert gitt ut no til hausten og i 2021.