Humoristiske og alvorlege dikt om «alderdomssjokket» frå 70-årig jubilant

Styrken kjem med alderdomen

9. april i år feira poet Åsmund Bjørnstad 70 år. Denne store hendinga markerer jubilanten med ei ny, kritikarrost diktsamling. 

Diktsamlinga Konfirmasjon til alderdomen handlar om det å bli tilårskomen og møte «alderdomssjokket», slik Bjørnstad sjølv formulerer det, med meir refleksjon, åndelege betraktningar, alvor og humor. Han etterlyser ritar for dei eldre, som på livets haust trår inn i eit nytt tilvære. Det er ein ny kvardag utan arbeidslivets faste rammer og med ei aukande kjensle av avmakt. Denne endringa er ein livsrite verdig. 

I eit intervju med Vårt Land seier Bjørnstad at «ungdomskonfirmasjonen forbereder deg til en ny livsfase som voksen. Ved overgangen til alderdommen er det ingen refleksjon i det hele tatt. Det er den jeg etterlyser». 

Denne bodskapen blir tydeleg illustrert i opningsdiktet «Etterlysing».


I dikta sine vender han ofte blikket mot naturen og poengterer at i likskap med dei gamle trea i skogen har òg dei eldre i samfunnet ein vesentleg funksjon.


Dikta handlar òg om styrken som kjem med alderdomen, korleis ein kan motarbeide avmaktskjensla og vere ein ressurs for andre. Åsmund Bjørnstad er ikkje berre poet, han er òg professor emeritus i genetikk og planteforedling. I dikta sine vender han ofte blikket mot naturen og poengterer at i likskap med dei gamle trea i skogen har òg dei eldre i samfunnet ein vesentleg funksjon. 


Sigri Sandberg (Foto: privat)

Bjørnstad snakkar til både dei eldre og dei yngre. Han ønskjer at dikta skal bidra til ei ny forståing av seg sjølv, der ein finn seg sjølv i ein ny livssituasjon. I diktet «Dei gamle», som bokmeldar i Dag og Tid, Ronny Spaans kallar «eit av dei beste dikta i boka», framhevar Bjørnstad den sentrale plassen dei gamle har i vårt menneskelege økosystem.

Spaans trekkjer òg fram den lyriske spennvidda i Konfirmasjon til alderdomen. Han skriv at Bjørnstad «viser at han meistrar alle reglar i diktekunsten, for her er både dikt i frie vers og ein eigen seksjon med klassiske sonettar». I den avsluttande sonetten «Eg er den ånd» blir naturvitskapen og det åndelege fletta saman i ein refleksjon kring det forgjengelege og det evige.

For dei fleste ligg alderdomen enno langt der framme, men som kong Lear seier: "Vi må gå gjennom å gå bort, liksom å koma hit. Mognad er alt". Vi har alle noko å lære av dei eldre. 


God lesnad!

Åsmund Bjørnstad: Konfirmasjon til alderdomen: dikt for eldre

Åsmund Bjørnstads dikt skildrar sjokket som ein dag tek oss alle. Utan større førebuing må vi tre ut av samfunnet, arbeidet og ansvaret vi som unge blei konfirmerte inn i. For dei fleste ligg alderdomen enno langt der framme, men minkinga er i gang. Med orda frå kong Lear: Vi må gå gjennom å gå bort, liksom å koma hit. Mognad er alt. Dikta i Konfirmasjon til alderdomen er både humoristiske og kloke, og handlar om å tre inn mellom dei eldre, der det ikkje lenger er mogleg å gå i opptrødde spor. 

Åsmund Bjørnstad (f. 1951) er professor i genetikk og planteforedling. Bjørnstad er busett på Ås.