"Dei vaksnes løgnaktige liv begeistrar"
"For. Ei. Bok. Dette er det beste Ferrante har skrevet." skriv Thomas Klakegg på Instagram. "Jeg elska den fra første til siste side, noe som skjer utrolig sjelden".
Klakegg er ikkje aleine om å meine dette. @lesehjarte skriv at: "Denne boka har eg fryda meg over frå første side!", mens @johannemagnus blei inspirert til å bake eplekake "fordi leseopplevelsen fortjener det".
@bok_i_hagen skriv til sine følgarar: "For en bok! For et språk! For noen karakterer! Jeg koste meg veldig med denne romanen.", mens @bokbergenserinnen meiner at "Ferrante er en fest, en reise, et sted å søke tilflukt!"
Elena Ferrante er ein av vår tids største forfattarar. Med Napoli-kvartetten gjekk ho tett på kvinners liv og vilkår i det 20. hundreåret og skildra vennskap på ein måte som manglar sidestykke i litteraturhistoria. I Dei vaksnes løgnaktige liv tek ho oss med tilbake til Napoli i ein av haustens største leseopplevingar.
Det fyrste opplaget blei rive vekk nesten før lansering, og eit nytt opplag på 12.000 ventast i desse dagar inn på lager.
"Kristin Sørsdals enestående vakre nynorskoversettelse"
Det er ikkje berre leserane som har blitt begeistra, det same gjeld for meldarane. Leif Ekle i NRK blir så sjarmert av boka at han kallar ho "magnetisk medrivende" og "strålende lesning".
Guri Hjeltnes i VG skriv at vi her i Noreg er privilegert som får lese "Kristin Sørsdals enestående vakre nynorskoversettelse" og gir boka ein seksar på terninga. Vidare konstaterer ho lykkeleg at "Ferrante leverer igjen", og at ho har skrive "et inferno av en oppvekstroman".
Gerd Elin Stava Sandve i Dagsavisen er einig med Hjeltnes og skriv også at "få kan som Ferrante skildre skam, forviling, sinne og begjær", og at boka er "stinn av dei flauste, nedrigaste, såraste livserfaringane."
"Litterær kløkt og opprørsk glede"
To andre som gir terningkast 6 er Jon Rognlien i Dagbladet og Ole Jacob Hoel i Adresseavisen. Rognlien skriv at Ferrante "overgår seg selv", mens Hoel blei så hekta på forteljinga at han meiner Ferrante har skrive "et nytt mesterverk". Ho "levendegjør håp og resignasjon, lojalitet og opprør, eventyrlyst og usikkerhet, håpløshet og overmot."
Også Vidar Kvalshaug i BOK365 kjem med lovord: "Ferrante har stålgrep om handverket slik at det glir lett for lesaren. Motstanden ligg i folka på sidene, ikkje i komposisjonen eller omsetjinga."
Margunn Vikingstad i Morgenbladet synest historia er "høgst levande", full av "litterær kløkt og opprørsk glede".
Og viss du treng ein grunn til til å lese Dei vaksnes løgnaktige liv, høyr berre kva Bjørn Ivar Fyksen i Klassekampen har å seie: "[Ferrante] har en helt sjelden evne til å fortelle noe menneskelig interessant i en form som suger leseren med seg som i det mest heseblesende actiondrama."
God lesnad!
Elena Ferrante: Dei vaksnes løgnaktige liv
Ungjenta og einebarnet Giovanna får livet snudd på hovudet den dagen ho overhøyrer far sin, som ho elskar så høgt, seie at han synest ho er stygg. Denne vesle augneblinken er starten på den første av mange oppdagingar Giovanna gjer, som får grunnmuren i den trygge heimen til å smuldre. Foreldra er ikkje dei ho trur dei er, og ho lærer på den harde måten kva det vil seie å vere vaksen.
Handlinga er lagd til eit middelklassemiljø i Napoli i 1990-åra. Ferrante legg opp til eit stort og tett familiedrama om oppvekst, identitet og klasse, om seksualitet, utruskap og kunsten å balansere sanning og løgn.