Yvonne, prinsesse av Burgund ; Vigsla ; Operette
Hefta

Skjønnlitteratur

Yvonne, prinsesse av Burgund ; Vigsla ; Operette

Witold Gombrowicz er rekna som ein av det tjuande århundrets viktigaste forfattarar. Teaterstykka er briljante; språket er sprelsk, scenene dynamiske og hovudpersonane manipulatorar. Handlinga og utviklinga av idear er som oftast gestalta i konfliktar, kampar eller skuggekampar. I tillegg er det slåande korleis "det pinlege" blir nytta dramaturgisk: eit etikettebrot, feil klede, ein upassande lyd, feil svar eller ikkje noko svar i det heile fører til absurde situasjonar som publikum identifiserer seg med. Her oppstår den menneskelege identiteten i ein vekselreaksjon som samspel eller motspel, som jo er skodespelaren sitt nøkkelord. For Gombrowicz betyr det å vere menneske å spele eit menneske. Denne innsikta gjer han til ein høgst aktuell dramatikar.

429,00 kr
Witold Gombrowicz
Om forfattaren

Witold Gombrowicz

(1903–1969) er ein av Polens største forfattarar. Han debuterte i 1933 med den sprelske og sære novellesamlinga Memoarer fra en tid av umodenhet. Størst suksess hadde han med Ferdydurke (1937). Romanane og dramatikken hans var svartelista i Polen til seint på 1970-talet.