Western Desert: noveller

Skjønnlitteratur

Western Desert: noveller

Eit par er på reise i Afrika, men utset heimturen: Dei har ikkje lenger nokon å komme heim til. Ein mann sørgjer over tapet av kona, og vil berre forsvinne, men han har ei dotter å ta seg av. Ein forfattar døyr, og snart skal alle i miljøet vise kor godt dei kjende han. Nokre av dei vi møter i Western Desert opplever at livet tek ei brå vending, mens andre kjenner at dei er fanga i same spor som alltid. Uansett er livet berre til å halde ut, og kvar av dei må finne sin eigen meistringsstrategi. Rønnaug Kleiva (f. 1951) har skrive bøker i dei fleste sjangrar for både vaksne og barn. Bøkene hennar har motteke Fleire prisar og er omsette til ei rekkje språk. Tekstane utmerkjer seg med eit skarpt blikk og ein kompromisslaus stil, med mørk humor og underhaldande refleksjonar.
329,00 kr
Utgivingsår
2017
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252193169
Rønnaug Kleiva
Om forfattaren

Rønnaug Kleiva

Rønnaug Kleiva (f. 1951) er forfattar, dramatikar og barnebokforfattar frå Vartdal på Sunnmøre. Ho debuterte i 1985 med diktsamlinga Animasjon, og har seinare gitt ut over 30 bøker i forskjellege sjangrar for vaksne og barn. For Plutseleg no fekk Kleiva i 1990 Noregs mållags barnebokpris. Ikkje gløym å klappe katten blei prisa med både Kritikarprisen for barne- og ungdomsbøker og Kulturdepartementets barnelitteraturpris i 1997. I tillegg har Kleiva fått Samlagsprisen (1998) og Sigmund Skard-stipendet (2003). Ho var festspeldiktar under Festspillene i Bergstaden i 2001 og ved Dei nynorske festspela i 2010.

Bøkene til Kleiva er omsette til blant anna gresk, serbisk, russisk, svensk, dansk og fransk. Kleiva er i tillegg med i antologiar på tysk, tsjekkisk og bosnisk, og er representert i fleire norskverk for grunnskule og vidaregåande skule. Rønnaug Kleiva er utdanna cand. mag. med lærarskole, idrett grunnfag og norsk mellomfag. Ho har teke forfattarstudiet i Bø i Telemark, og har fleire års praksis som lærar.