InnbundenFleire format

Barn og ungdom

Song for deg og meg

6–9 år
Odd Nordstoga, ein av våre mest populære musikarar, artist, låtskrivar og komponist, er redaktør for boka og har gjort eit breitt utval som vi trur alle songglade vil ha stort utbyte av. Denne boka er ein songskatt for born i alle aldrar, både i førskule og barneskule. Her er eit godt utval av songar på nynorsk og dialekt, både dei gamle, gode norske songane, moderne viser og folkeviser, stev og stubbar, nyare songar, songar til skjemt og høgtid. Her er songar frå den tradisjonsrike, gamle songskatten frå Vinje, Garborg og Sivle, men også nyskrivne melodiar til både eldre og nyare, kjende og ukjende tekstar. Utanlandske songar er omsette, og ikkje minst inneheld boka fleire songar som har vorte store slagerar. Fleire av Nordstoga sine eigne populære songar er også med. Songane er illustrerte med omtanke og teft av Hilde Hodnefjeld og Inger Lise Belsvik. Dette er ei ny og utvida utgåve av Songbok for deg og meg.
369,00 kr
Sider
198
Utgivingsår
2014
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252183450
Odd Nordstoga
Om forfattaren

Odd Nordstoga

Odd Nordstoga (f. 1972) er ein av Noregs mest populære artistar, kjend for songar som «Bestevenn», «Kveldssong for deg og meg» og «Ein farfar i livet». Nordstoga kjem frå Vinje i Telemark og slo igjennom med soloalbumet Luring i 2004. I løpet av ein karriere på over 20 år har han gitt ut 18 plater, vunne fleire spellemannsprisar, samarbeidd med artistar som Ingebjørg Bratland og Sissel Kyrkjebø og fylt kulturhus over heile landet og Operaen i Oslo.