Last ned omslag

Bla-i-boka

Barnas store eventyrbok

Svend Otto S. | Maria Parr

Åtte av våre mest kjente og skatta eventyr!

Her er kloke dyr, dumme troll, handlekraftige gutar og modige jenter, klar til å bergta nye generasjonar eventyrlesarar. Samlinga inneheld eventyra om dei tre Bukke Bruse, Raudhette, Fyrtøyet, Pannekaka, Mannen som skulle stelle heime, Den stygge andungen, Tornerose og Bymusikantane frå Bremen.

Eventyra er henta frå Asbjørnsen & Moe, H.C. Andersen og Grimm-brørne. Det er forfattaren Maria Parr som har omsett og modernisert språket i eventyra slik at dei passar for unge lesarar i dag.

Eventyra er illustrert med dei klassiske og kjente illustrasjonane til Svend Otto S., akkurat dei same illustrasjonane som dagens foreldregenerasjon kan hugse igjen frå åttitalets  Bokklubbutgåve av eventyrskatten.

Perfekt høgtlesingsbok for alle mellom 3–-10 år.


ISBN: 9788252187533

Kategoriar: Barne- og ungdomsbøker, Barnehage,

Emneknagg: 2015, Innbunden,

Sjanger: 9-12 år



Meir frå Svend Otto S.