Vegen heim frå Sarajevo

Barn og ungdom

Vegen heim frå Sarajevo

12–16 år 1 t 27 min
Susi sit aleine på eit hotellrom i den framande byen Sarajevo. Ho har nett byrja på andre året på vidaregåande skole i Noreg, men etter ei forferdeleg oppleving, tek Susi første fly vekk frå heimplassen. I Sarajevo prøvar ho å finne fotfeste etter det som skjedde. Eg hugsar ikkje noko frå akkurat då det skjedde. Eg meiner, eg hugsar det saklege, fakta. Men eg hugsar ikkje kva eg følte. tv-en stod på. Det var eit reality-show. Komplett idiotisk. Ville aldri vore med på det frivillig. Vegen heim frå Sarajevo er ein fri oppfølgjar til Andre sida av Paris (2007). Nok ein gong har Rønnaug Kleiva skrive ei kompromisslaus forteljing om ei modig og eigenrådig ung jente.
379,00 kr
Utgivingsår
2022
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234009426
Rønnaug Kleiva
Om forfattaren

Rønnaug Kleiva

Rønnaug Kleiva (f. 1951) er forfattar, dramatikar og barnebokforfattar frå Vartdal på Sunnmøre. Ho debuterte i 1985 med diktsamlinga Animasjon, og har seinare gitt ut over 30 bøker i forskjellege sjangrar for vaksne og barn. For Plutseleg no fekk Kleiva i 1990 Noregs mållags barnebokpris. Ikkje gløym å klappe katten blei prisa med både Kritikarprisen for barne- og ungdomsbøker og Kulturdepartementets barnelitteraturpris i 1997. I tillegg har Kleiva fått Samlagsprisen (1998) og Sigmund Skard-stipendet (2003). Ho var festspeldiktar under Festspillene i Bergstaden i 2001 og ved Dei nynorske festspela i 2010.

Bøkene til Kleiva er omsette til blant anna gresk, serbisk, russisk, svensk, dansk og fransk. Kleiva er i tillegg med i antologiar på tysk, tsjekkisk og bosnisk, og er representert i fleire norskverk for grunnskule og vidaregåande skule. Rønnaug Kleiva er utdanna cand. mag. med lærarskole, idrett grunnfag og norsk mellomfag. Ho har teke forfattarstudiet i Bø i Telemark, og har fleire års praksis som lærar.