Vindauga i matsalen vender mot fjorden
Hefta

Romanar og noveller

Vindauga i matsalen vender mot fjorden

«Munnen til mor fraus som fjorden. Eg var tung nok til å bryte isen. Men eg måtte ikkje bråke. Isen blei tjukkare. Eller var det eg som blei tynnare?»

Vindauga i matsalen vender mot fjorden er ei forteljing om overgangen frå barndom til vaksenverda, om ein person som er redd for å vekse, for mat, for livet, og for dei som prøver å hjelpe.

Flytårn er ei historie om utvandring og innvandring, om dei som fer fordi dei er usikre på seg sjølve. Andre er så trufaste at dei blir sjuke av det. Det er også ein måte å fare på.

249,00 kr
Mette Karlsvik
Om forfattaren

Mette Karlsvik

Mette Karlsvik (f. 1978) debuterte i 2005 med romanen Vindauga i matsalen vender mot fjorden, som ho fekk Tarjei Vesaas’ debutantpris for. I 2012 fekk ho både Bokhandlarstipend, Stig Sæterbakkens minnepris og Skien kommunes kunstnarstipend. Romanen Bli Björk (2011) blei nominert til Brageprisen. Forfattarskapen hennar er kjenneteikna av eit unikt blikk på verda, eit blikk som famnar alt frå det mikroskopiske til det globale, gjerne i éi rørsle og setning.