Vesle Anne og tryllehatten

Inger Sandberg | Lasse Sandberg | Gudny Dalflyen

Vesle Anne og Tryllehatten handlar om ein kveld mamma og pappa skal på kino, og Lange-Tomas skal passe Anne. Lange-Tomas er faktisk så lang at han ikkje får plass i rommet til Anne, føtene hans var att utanfor huset. Derimot kan han trylle.

Midt på 60-talet kom Inger og Lasse Sandbergs småbøker om Vesle Anne ut på Samlaget, og med dei vart omgrepet peikebøker introdusert på den norske marknaden. Vesle Anne vart svært populær, her og i ei lang rekkje andre land, og no får bøkene om henne ein renessanse. Vi gir i vår ut to av bøkene på nytt. Den barnlege, direkte appellen i dei enkle teikningane er uendra, medan omslaga er nye. Bøkene er omsett av Gudny Dalflyen.


ISBN: 9788252159547

Kategoriar: Inger Sandberg

Emneknagg: 2002, Innbunden,

Sjanger: Unknown Type



Meir frå Inger Sandberg