Vegar til samling

Olav Rovde | Norsk lærarlag

I 1966 gjekk fire lærarorganisasjonar saman om å etablere Norsk Lærarlag. Sjølv om lærarane hadde vore organiserte i ulike fagforeiningar heilt sidan 1890-talet, markerte samanslutninga i 1966 eit vendepunkt. Norsk Lærarlag blei ein av dei største og mest ressurssterke yrkesorganisasjonane i landet, og ein av dei viktigaste pressmissleverandørane i norsk skuledebatt i siste halvdelen av 1900-talet.

Denne boka fortel historia om Norsk Lærarlag frå etableringa i 1966 og fram til organisasjonen gjekk inn i Utdanningsforbundet i 2001. Forfattaren viser korleis organisasjonen blei bygd ut til å omfatte stadig fleire grupper, frå barnehage til skule, og korleis organisasjonen ivaretok interessene til desse gruppene, anten det var skulepolitikken og pedagogiske spørsmål, eller medlemmenes løns- og arbeidsvilkår. Forfattaren følgjer Norsk Lærarlag under vekslande samfunnsmessige rammevilkår og set søkjelyset på kva organisasjonen har hatt å seie for statusen til lærarane, for utdanningssektoren og generelt sett for samfunnsutviklinga i Noreg.


ISBN: 9788252159028

Kategoriar: Olav Rovde

Emneknagg: 2004, Innbunden,

Sjanger: Unknown Type



Meir frå Olav Rovde