Vardane: roman
ung seterjente er ettersøkt. Lenge etter at
leitinga er avslutta, byrjar rykta å svirre:
Jenta er sett der oppe, i fjella. Sel og eldhus
har vorte brotne opp, ting manglar. Det seiest
at ho vil snakke med presten.
Sebastian Ribe, presten i bygda, legg i veg.
Med seg får han den fjellvane sauebonden
Reidar Skåren. For det å hjelpe presten med
å spore opp seterjenta er vel ein framifrå
sjanse for Reidar å vise at han framleis er
Fjellmannen i bygda?
«Vardane» er ein roman om ein uventa venskap,
om ei gåtefull leiting i rå natur - og om tre
menneske som, utan at dei veit det sjølv, på
kvart sitt vis er fortapte.
Terningkast 5! «Snål og vakker [...] Motstrøms, gammelmodig og vakkert om ei hulder, en prest og en ensom fjellmann [...] noe helt for seg selv.»
- Cathrine Krøger, Dagbladet
Terningkast 5! - Stavanger Aftenblad
På høgd med det beste [...] Det er uhyggeleg og vakkert. Det er grufullt og hjarteskjerande, men det siste avstår eg frå å seie noko om. Det er trass i alt ei slags krimgåte i botnen. Det er gåtefullt - men dermed blir òg Martin Baldysz' forteljing eit lite stykke poetisk tekst med stor overføringsverdi.
- Ingvild Bræin, Dag og Tid
Sitat frå melding
«Snål og vakker [...] Motstrøms, gammelmodig og vakkert om ei hulder, en prest og en ensom fjellmann [...] noe helt for seg selv.» - Cathrine Krøger, Dagbladet «Baldysz hinting til en mytisk verden på randen av den vante, er til tider svært god» - Even Teistung, Klassekampen «Les boka, nyt dei fine naturskildringane, dei korte, men informative personkarakteristikkane, det gode, poetiske språket. Og slepp så undringa til. Her er gode spor å gå etter. Det er ikkje utan grunn boka heiter det ho heiter.» - Vidar Parr, Synste Møre «... magien er der, og den fungerer» - Steinar Brandslet, Stavanger Aftenblad «På høgd med det beste [...] Det er uhyggeleg og vakkert. Det er grufullt og hjarteskjerande, men det siste avstår eg frå å seie noko om. Det er trass i alt ei slags krimgåte i botnen. Det er gåtefullt . men dermed blir òg Martin Baldysz' forteljing eit lite stykke poetisk tekst med stor overføringsverdi.» - Ingvild Bræin, Dag og Tid
Martin Baldysz
Martin Baldysz (f. 1977) debuterte med romanen Vintertrang i 2013. Vardane er hans andre roman.
Kjøpsvilkår
Standard kjøpsvilkår
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO