Skjønnlitteratur

Vardane: roman

«... magien er der, og den fungerer»
— Steinar Brandslet, Stavanger Aftenblad
Eit brutalt drap har råka fjellheimen, og ei ung seterjente er ettersøkt. Lenge etter at leitinga er avslutta, byrjar rykta å svirre: Jenta er sett der oppe, i fjella. Sel og eldhus har vorte brotne opp, ting manglar. Det seiest at ho vil snakke med presten. Sebastian Ribe, presten i bygda, legg i veg. Med seg får han den fjellvane sauebonden Reidar Skåren. For det å hjelpe presten med å spore opp seterjenta er vel ein framifrå sjanse for Reidar å vise at han framleis er Fjellmannen i bygda? «Vardane» er ein roman om ein uventa venskap, om ei gåtefull leiting i rå natur - og om tre menneske som, utan at dei veit det sjølv, på kvart sitt vis er fortapte. Terningkast 5! «Snål og vakker [...] Motstrøms, gammelmodig og vakkert om ei hulder, en prest og en ensom fjellmann [...] noe helt for seg selv.» - Cathrine Krøger, Dagbladet Terningkast 5! - Stavanger Aftenblad På høgd med det beste [...] Det er uhyggeleg og vakkert. Det er grufullt og hjarteskjerande, men det siste avstår eg frå å seie noko om. Det er trass i alt ei slags krimgåte i botnen. Det er gåtefullt - men dermed blir òg Martin Baldysz' forteljing eit lite stykke poetisk tekst med stor overføringsverdi. - Ingvild Bræin, Dag og Tid
329,00 kr
Utgivingsår
2022
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234007514
Meldingar

Sagt om boka

4 omtaler

«Snål og vakker [...] Motstrøms, gammelmodig og vakkert om ei hulder, en prest og en ensom fjellmann [...] noe helt for seg selv.»

— Cathrine Krøger, Dagbladet

«Les boka, nyt dei fine naturskildringane, dei korte, men informative personkarakteristikkane, det gode, poetiske språket. Og slepp så undringa til. Her er gode spor å gå etter. Det er ikkje utan grunn boka heiter det ho heiter.»

— Vidar Parr, Synste Møre

«Baldysz hinting til en mytisk verden på randen av den vante, er til tider svært god»

— Even Teistung, Klassekampen

«På høgd med det beste [...] Det er uhyggeleg og vakkert. Det er grufullt og hjarteskjerande, men det siste avstår eg frå å seie noko om. Det er trass i alt ei slags krimgåte i botnen. Det er gåtefullt . men dermed blir òg Martin Baldysz' forteljing eit lite stykke poetisk tekst med stor overføringsverdi.»

— Ingvild Bræin, Dag og Tid

Martin Baldysz
Om forfattaren

Martin Baldysz

Martin Baldysz (f. 1977) debuterte med romanen Vintertrang i 2013 og har gitt ut romanane Vardane (2022) og Fallgard (2024). Han har også gitt ut serien Brenninger under pseudonymet Karen Støylen. I 2025 kom første bok i Ryer-serien.




Fotograf: Helle Frogner