Under bergfall

Ragnhild Sælthun Fjørtoft

Den erfarne og språksikre TV-verten har heile livet hatt eit sterkt tilhøve til norsk lyrikk, og ho har alt frå barneåra framført dikt i ulike lag og forsamlingar. No har ho samla mange av yndlingsdikta sine, slik at vi også får glede av dei!I forordet til antologien fortel Ragnhild Sælthun Fjørtoft litt om sitt personlege forhold til poesi, og i tillegg har ho utstyrt somme av yndlingsdikta med korte kommentarar.

Gjennom heile ungdomstida vart det tallause diktframføringar, i alt frå bedehus til fengsel. Ho lærte seg ufatteleg mange dikt utanbords den gongen, og ein del av dei sit som spikra framleis, 30-40 år seinare! Sjølv meiner Fjørtoft det er liten tvil om at denne scene-treninga ho som vanlegvis sjenert jenta fekk frå ung alder la grunnlaget for at ho hamna på den store "scenen" seinare i livet: NRK Fjernsynet.

Det er tre hovudtema i samlinga: Glede over naturen, forholdet mellom foreldre og barn og den uunngåelege kjærleiken. Kvar og ein kan her finne dikt som vil reflektere eigne tankar og opplevingar!


ISBN: 9788252159707

Kategoriar: Ragnhild Sælthun Fjørtoft

Emneknagg: 2002, Innbunden,

Sjanger: Unknown Type



Meir frå Ragnhild Sælthun Fjørtoft