Ulvehistorier

Kjell Snerte |
Innbunden | ISBN: 9788252156355

Pris:
Translation missing: nn.product.general.sale_price300 kr

Ulvehistorier er den råe og usensurerte skildringa av ulven sitt "virke" i Noreg, slik det kjem fram i bygdebøker, årbøker og annan lokalhistorisk litteratur. I samarbeid med historielag over heile landet er det samla inn eit svært materiale. Stoffet blir presentert i sitats form utan kommentarar, redigert av Kjell Snerte.

Samla mellom to permar gir desse to hundre historiene ein sterk dokumentasjon av kor omfattande ulveplaga har vore over heile landet. Kampen mellom mennesket og ulven står sentralt i dei fleste historiene, ein kamp der mennesket ofte var den tapande part. Dramatiske og forferdelege rapportar om menneske - oftast barn - som er rivne i hel av ulv er det nokre av. Langt fleire er forteljingane om barn og vaksne som er forfølgde av ulv, men som bergar seg med rådgjerder som er utvikla gjennom hundreårs "samliv" med rovdyret.

Ein stor del av boka fortel om korleis folk prøvde å verje buskapen. Frå alle kantar av landet blir det fortalt om barn som blir sende til skogs på gjeting med beskjed om aldri å snu ryggen til ulven når han kom, men gå på med det dei kunne få tak i av slagvåpen. Her er mange heltehistorier frå kvardagen som for oss i dag er både skremmande og utrulege. Forsøk på å få ram på fienden var oftast til liten nytte, også etter at skytevåpen vart vanlege. Ulvehistorier syner dette rovdyret som ein svært intelligent og slu fiende som menneska ofte stod rådlause overfor.

I eit tillegg blir det sitert frå kyrkjebøker og vitskaplege rapportar frå Sverige, Finland og Russland som fortel om ulvedrap på barn i hundretal. "Ulvehistorier" er ein høgst aktuell dokumentasjon som vil vekkje sterke reaksjonar i dagens strid om ulv i Noreg. Like mykje er det ei bok som med sitt innhald av drama, mot, fortviling og angst er gripande lesnad.

Kjell Snerte

Du likar kanskje desse

Sist sett på