Barn og ungdom

Tusen elgar i garasjen: dikt

6–9 år
«Sigmund Løvåsen skriv med full respekt for barnets evne til å forstå kva ordkunst er for noko.»
Sprudlande dikt for barn og vaksne i alle aldrar. Har du kinesisk jern i blodet? Er det tisset til Jesus du drikk? Er spyfluga glad i spy? Og har du eigentleg Europas største stortå? Dette er nokre av spørsmåla du får eller ikkje får svar på i denne diktsamlinga. «Tusen elgar i garasjen» tar oss med på ei ferd med ramn og salamander, dinosaurar og flaggermus, rustne traktorar og maur i trusa som følgjesveinar. Har du nokon gong ridd på ein daud elg gjennom skogen? Tenkte oss det. Illustrert av Hilde Hodnefjeld SANDKASSA Om sandkassa er noko lite og barnsleg? Nei, veit du kva. I den kan ein byggje slott, tunellar og store byar. I den kan ein bake hundre kaker i minuttet. Katten brukar sandkassa som do, og mauren brukar henne som ferieparadis. Bygg ein dinosaurpark i sandkassa. Folk kjem frå heile verda for å sjå. Dei rir på tyrannosaurus rex og diplodocus. Alt er fryd og gaman heilt til ein meteor kjem frå verdsrommet og utryddar alle. Frå kjøkenglaset roper mamma at det er middag.
229,00 kr
Utgivingsår
2023
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234010200
Meldingar

Sagt om boka

2 omtaler

«Det som skil denne boka ut frå dusinvara er at alle dikta er gode, poengterte. Du kan lesa dei høgt, eller barnet kan lesa dei sjølv, og det kjennest som om det var ein vits med å lesa kvart av dei. Og så tar forfattaren barnet på alvor.»

— Hadle Oftedal Andersen, Klassekampen

«Oppmodinga er klar: Ein skal aldri slutta å undra seg, og ein skal aldri slutta å leika [...] Løvåsen er på barnelesaren si side i denne boka. Ertar han kanskje litt innimellom, men mest av alt freistar han opna fantasien, leikerommet, gjera verda større»

— Karen Frøsland Nystøyl, Periskop

Sigmund Løvåsen
Om forfattaren

Sigmund Løvåsen

Sigmund Løvåsen (f. 1977) er frå Trysil og er busett på Svartskog i Nordre Follo
kommune. Han studerte ved forfattarstudiet i Bø og Litterär Gestaltning i Göteborg. Han har tidlegare vore leiar for Forfattarskulen for skrivande med minoritetserfaring og leiar av Kulturrådet. Løvåsen debuterte i 2003 med
romanen Nyryddinga, og for den blei han tildelt både Tarjei Vesaas’ debutantpris og P2- lyttaranes romanpris. Han har sidan gitt ut romanar, skodespel, barnebok, biografi og diktsamling. Siste utgiving på Samlaget var diktsamlinga Tusen elgar i garasjen, som han vart nominert til Brageprisen for.