Flaumen

Barn og ungdom

Flaumen

9–12 år 2 t 12 min
Ei spennande forteljing om ekstremvêr og storflaum, for barn i mellomtrinnsalder. Finn bur på ein campingplass ved ei elv, og når skulen blir stengd på grunn av flaumfare, må han og faren førebu seg på det verste. Kan dei redde campingplassen – og vil dei ha ein heim og ein jobb å kome tilbake til når vatnet har trekt seg tilbake?

Finn klarer ikkje å sitje stille inne medan vassmassane nærmar seg. I lag med den snartenkte venen Jon set han i gang ein redningsplan. Med på laget får dei Vanja, den raskaste og sterkaste jenta i bygda. Dei vil hjelpe til med flaumarbeidet, men elva brusar høgare for kvar time – og plutseleg er flaumen der.
Når naturkreftene tek over og alt står på spel, må Finn og venene vere både modige og smarte. Vil operasjonen verke før det er for seint?

249,00 kr
Utgivingsår
2026
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234017704
Sigmund Løvåsen
Om forfattaren

Sigmund Løvåsen

Sigmund Løvåsen (f. 1977) er frå Trysil og er busett på Svartskog i Nordre Follo
kommune. Han studerte ved forfattarstudiet i Bø og Litterär Gestaltning i Göteborg. Han har tidlegare vore leiar for Forfattarskulen for skrivande med minoritetserfaring og leiar av Kulturrådet. Løvåsen debuterte i 2003 med
romanen Nyryddinga, og for den blei han tildelt både Tarjei Vesaas’ debutantpris og P2- lyttaranes romanpris. Han har sidan gitt ut romanar, skodespel, barnebok, biografi og diktsamling. Siste utgiving på Samlaget var diktsamlinga Tusen elgar i garasjen, som han vart nominert til Brageprisen for.