Vid din sida
Innbunden

Lyrikk, drama og essay

Vid din sida

Når Ingrid og Johannes saman syng «Vid din sida», er dei tilbake i sine lykkelegaste dagar. Men i dag er Johannes dement, og har ikkje lenger nokon kontakt med denne fortida. Forholdets mørkare sider kjem til syne når dei siste åra fors-vinn frå hukommelsen. Kan kjærleiken overleve at det felles minnet om den forsvinn? Stykket handlar om korleis det er å leve som dement og med ein dement. Ei kjærleikshistorie om ein families kamp for å halde fast i seg sjølv, verda omkring dei, og kvarandre.

Stykket hadde premiere på Teater Innlandet i oktober 2011.

429,00 kr
Sigmund Løvåsen
Om forfattaren

Sigmund Løvåsen

Sigmund Løvåsen (f. 1977) er frå Trysil og er busett på Svartskog i Nordre Follo
kommune. Han studerte ved forfattarstudiet i Bø og Litterär Gestaltning i Göteborg. Han har tidlegare vore leiar for Forfattarskulen for skrivande med minoritetserfaring og leiar av Kulturrådet. Løvåsen debuterte i 2003 med
romanen Nyryddinga, og for den blei han tildelt både Tarjei Vesaas’ debutantpris og P2- lyttaranes romanpris. Han har sidan gitt ut romanar, skodespel, barnebok, biografi og diktsamling. Siste utgiving på Samlaget var diktsamlinga Tusen elgar i garasjen, som han vart nominert til Brageprisen for.