Tre librettoar
Jon Fosse har skrive tre librettoar, alle tingingsverk, mellom anna librettoen Melancholia, tinga av Wiener Festwochen og urframført på Garnier-operaen i Paris. Den librettoen byggjer på romanen Melancholia I.
Librettoen Morgon og kveld byggjer på romanen med same tittel, og vart urframført på Royal Opera i London hausten 2015.
For seint er ein libretto der Jon Fosse skriv, utan tilknyting til bestemt tid eller stad, om korleis det går med ei kvinne som forlét mann og born, altså eit slags framhald av Et dukkehjem utan beinveges tilknyting til personane hos Ibsen. Operaen vart urframført i Beijing våren 2013.
Bla-i-boka
Jon Fosse
Jon Fosse (f. 1959) vert rekna som ein av vår tids viktigaste forfattarar. I snart førti år har han skrive i ulike sjangrar: romanar, dramatikk, lyrikk, kortprosa, essay og barnebøker. Tekstane hans er omsette til over femti språk, og skodespela er sette opp over tusen gonger over heile verda. Fosse har fått ei rekkje prisar både i inn- og utland.
Jon Fosse voks opp på eit småbruk i Strandebarm i Hardanger. Han gjekk på gymnas i Øystese og studerte ved Universitetet i Bergen. Fosse er cand.philol. med hovudfag i allmenn litteraturvitskap. Han har heile sitt vaksne liv hovudsakleg vore forfattar på fulltid, men har òg arbeidd som journalist, lærar ved Skrivekunstakademiet i Hordaland og som litterær konsulent. I dag er Fosse busett i Oslo. I 2011 vart han tildelt statens æresbustad Grotten, som ligg i Slottsparken. Fosse bur også dels i Hainburg an der Donau i Austerrike og på Frekhaug ved Bergen.
Fosse debuterte som forfattar med romanen Raudt, svart i 1983, men han ser sjølv på novella «Han» i avisa Studvest frå 1981 som sin eigentlege litterære debut. Allereie i den novella finst mykje av det som karakteriserer Fosses tekstar: repetisjonar, indre monologar, ein suggererande og musikalsk skrivestil. I 80-åra gav Fosse ut prosa, dikt og barnebøker, men det store gjennombrotet som forfattar kom med romanen Naustet frå 1989.
Etter at Fosse hadde etablert seg som romanforfattar, poet, essayist og barnebokforfattar, vart han også dramatikar. Fosse uttrykte skepsis til teateret, men skreiv likevel dramatikk for fyrste gong i 1992. Han har seinare skildra det som den største openberringa i sitt forfattarliv. Det aller fyrste stykket Fosse skreiv, var Nokon kjem til å kome, men Og aldri skal vi skiljast er det fyrste Fosse-stykket som vart spelt på ei scene. Det skjedde på Den Nationale Scene i Bergen i 1994.
Fosse skreiv dramatikk i eit rasande tempo på denne tida og fekk raskt innpass på dei viktige norske scenene. Etter berre få år vart også dramatikken hans sett opp i utlandet. Det verkelege internasjonale gjennombrotet kom i 1999. Den franske regissøren Claude Régy sette opp Nokon kjem til å kome i Nanterre utanføre Paris. Året etter spelte det anerkjende Berlin-teateret Schaubühne Namnet på Festspela i Salzburg. Dei to oppsetjingane var med på å bana vegen for dramatikken til Fosse internasjonalt.
Fosse har skrive over 30 teaterstykke, til dømes Namnet, Vinter, Ein sommars dag, Draum om hausten, Dødsvariasjonar, Svevn og Eg er vinden. I dag er teaterstykka til Jon Fosse spelte over heile verda.
Fosse er internasjonalt mest kjend som dramatikar, men han har han heile tida skrive litteratur i andre sjangrar av uvanleg høg kvalitet, slik som romanane Melancholia I og II om målaren Lars Hertervig; Morgon og kveld, der Fosse skriv om den dagen Johannes vert fødd og døyr; og Trilogien, som er sett saman av dei tre delane Andvake, Olavs draumar og Kveldsvævd. Trilogien er ei vakker og urovekkjande forteljing om spelemannen Asle og kjærasten Alida. I 2015 fekk Fosse Nordisk råds litteraturpris for dette verket.
Det aller mest omfattande prosaverket Jon Fosse har skrive til no, er Septologien (2019–21). Dette verket kom til etter at Fosse tok pause frå dramatikken, men også etter at forfattaren konverterte til katolisismen i 2013. Fosse kallar skrivemåten i verket «langsam prosa». Det er prosa med transportetappar, skildringar og refleksjonar, sjølve negasjonen til det raske dramaet. Verket er omsett til over 20 språk og har hausta glitrande kritikkar både innanlands og utanlands.
Våren 2023 gjev Jon Fosse ut forteljinga Kvitleik, ein lysande roman om grensa mellom liv og død.
Litterære prisar
KRITIKARPRISEN 2021
For Septologien VI–VII, Eit nytt namn
BRAGEPRISEN 2021
For Septologien VI–VII, Eit nytt namn
DEN INTERNASJONALE IBSENPRISEN 2021
For Slik var det
NYNORSK LITTERATURPRIS 2019
For Septologien I–II, Det andre namnet
ÆRESPROFESSOR VED SHANGHAI THEATRE ACADEMY 2019
ÆRESDOKTOR 2015
Ved Universitetet i Bergen
NORDISK RÅDS LITTERATURPRIS 2015
For Trilogien
TILDELT STATENS ÆRESBUSTAD GROTTEN
DEN INTERNASJONALE IBSENPRISEN
Den internasjonale Ibsenprisen 2010.
MEDALJE TILDELT AV BENEDIKT XVI
For deltaking i Møte med kunstnarar i Det sixtinske kapell den 21. november 2009.
BERGEN KOMMUNE SIN KUNSTNARPRIS
Bergen kommune sin kunstnarpris for 2009.
DEUTSCHER JUGENDLITERATURPREIS
Deutscher Jugendliteraturpreis 2007 for Schwester (Søster).
SVENSKA AKADEMIENS NORDISKA PRIS
Svenska Akademiens nordiska pris for 2007.
ÆRESMEDLEM I NORSKE DRAMATIKERES FORBUND
Æresmedlem i Norske Dramatikeres Forbund 2006.
ANDERS JAHRES KULTURPRIS
Anders Jahres kulturpris for 2006.
BRAGES HEIDERSPRIS
Brages heiderspris for 2005.
KOMMANDØR AV ST. OLAVS ORDEN
Kommandør av St. Olavs Orden 2005.
PREMIO UBU
Premio UBU for beste utanlandske stykke 2004 i Italia.
HEDDAPRISEN (HEDDAS ÆRESPRIS)
Heddaprisen (Heddas ærespris) for 2003.
NORSK KULTURRÅDS ÆRESPRIS
Norsk kulturråds ærespris 2003.
NYNORSK LITTERATURPRIS
For Auge i vind.
RIDDER AV DEN NASJONALE FORTJENSTORDEN
Ridder av Den nasjonale fortjenstorden (Frankrike) 2003.
BESTE UTANLANDSKE FORFATTAR, THEATER HEUTE
Beste utanlandske forfattar, Theater heute 2002.
SKANDINAVISK NATIONALTEATERPRIS
For Dødsvariasjonar.
MELSOM-PRISEN
For Morgon og kveld.
HEIDERSMEDLEM I DET NORSKE SAMLAGET
Heidersmedlem i Det Norske Samlaget 2000.
KULTUR- OG KYRKJEDEPARTEMENTET SIN LITTERATURPRIS FOR BARNE- OG UNDOMSLITTERATUR
For Søster.
NESTROY-PRISEN
Nestroy-prisen for 2000.
NORDISK TEATERUNION SIN DRAMATIKARPRIS
For Ein sommars dag.
DOBLOUGPRISEN
Doblougprisen 1999.
GYLDENDALPRISEN
Gyldendalprisen 1999.
ÆRESMEDLEM AV NORSK SKUESPILLERFORBUND
Æresmedlem av Norsk Skuespillerforbund 1998.
ASCHEHOUGPRISEN
Aschehougprisen for 1997.
IBSENPRISEN
For Namnet.
MELSOM-PRISEN
For Melancholia I.
SUNNMØRSPRISEN
For Melancholia I.
SAMLAGSPRISEN
Samlagsprisen for 1994.
ALFRED ANDERSSON-RYSSTS FOND
Alfred Andersson-Ryssts fond for 1992.
NYNORSK BARNEBOKPRIS
Nynorsk barnebokpris 1993.
NYNORSK LITTERATURPRIS
For Bly og vatn.
NYNORSK BARNELITTERATURPRIS
For Uendeleg seint (saman med illustratøren Alf-Kaare Berg).
Kjøpsvilkår
Standard kjøpsvilkår
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO