To gutar til Paris

Tore Elias Hoel

Unge Albert har fullført siste året i ungdomsskolen, men slit med låg sjølvtillit og ein evig lengsel etter ein far som han aldri har kjent. Mora har fora han med lett romantiserande forteljingar om ein talentfull målar som stiller ut i verdas storbyar.

På sjølve eksamensdagen – då oppgåva er levert - får Albert den ville ideen å lokke med seg sin einaste kamerat i klassen på ein spontantur til Paris – for å prøve å leite opp faren. Han kjenner at det er dette som skal til for at han skal kunne bli vaksen. På eit døgn i den framande storbyen finn Albert ut mykje om livet og kunsten og menneskets kår. Ein velskriven, engasjerande liten roman om å leite og vekse og lære seg sjølv å kjenne.

"Eg blei varm i hjartet då eg las denne nydelege, vesle romanen. To gutar til Paris er særdeles godt skriven."

Jorid Mathiassen, Bok og samfunn

ISBN: 9788252170108

Kategoriar: Tore Elias Hoel

Emneknagg: 2007, Innbunden,

Sjanger: Unknown Type



Meir frå Tore Elias Hoel