Dikta til Virgilio Piñera, som var fødd lenge før revolusjonen i 1959, kan lesast som uttrykk for eit identitetsbyggjande prosjekt: Det å finne fram til den cubanske folkesjela stod sentralt etter lange hundrår under framandt styre. Angel Escobar, eit barn av revolusjonen, går vidare frå dette, og er i diktinga si opptatt av det cubanske folket i dag. Dei oppheldt seg i periodar i utlandet, Piñera i Argentina og Escobar i Chile, men begge døydde i heimlandet. Og begge var sterkt knytte til denne øya, med "det fordømte vatnet på alle kantar", som i diktinga deira representerer både fridom og fengsel.