Skjønnlitteratur

Til døden skil oss: ein Jacob Juul-roman

«Terningkast 5! Totland skriv med herleg overtenning, og lar karakterane få lov til å blomstre i all sin bygdetunge sjarm. Dette er ironi, humor, sarkasme, parodi og friske spark i alle himmelretningar.»
— Geir Tangen, krimlitteratur.com
Jacob Juul er tilbake!

Det er ei veke til den nye presten i bygda, Maria, skal gifta seg med Gjertrud, og gamlepresten Jacob Juul har tatt på seg vertskapsrolla og invitert til bryllaupsfest i prestegarden. Han får god hjelp av barnebarnet, Isabella Donnatina, som også skal vera brurepike, og ikkje fullt så god hjelp frå mor til Maria, Solveig Myklebust, som viser seg å vera ei handfull, men heldigvis er det fleire andre gode hjelparar. Det er derimot ei utfordring at den eine brura, Gjertrud, er gravid, og at sommaren er den varmaste i manns minne, og det hjelper ikkje at helsa til Jacob skrantar, men det mest prekære er likevel å få fjerna eit nake og oljete lik frå andre etasje og rista av seg eit par skruppellause bandittar som herjar i nabolaget. Ja, og å overtyda barnevernet om at prestegarden er den rette heimen for Isabella Donnatina, da. Velkommen tilbake til Finnskogen!

Om Til jord skal du bli (2022):
"Rølpete roman om en pensjonert prest som blir morder på side 1. Anbefales!" - SISS VIK, NRK

"En lettbeint, velturnert, underholdende røverroman." - SIGMUND JENSEN, STAVANGER
AFTENBLAD


299,00 kr
Utgivingsår
2024
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234012419
Meldingar

Sagt om boka

2 omtaler

«Glitrande og absurd ... [Boka] passar for absolutt alle som vil kose seg med morbid krim. Dette er ei bok du vil bli glad av. Denne må du lese.»

— Peder Lofnes Hauge, Leiar, Noregs Mållag

«Som i den første Jacob Juul-romanen er stilen kvikk og effektiv, forløpet handlingsdrevet og dialogene fulle av snert og humor [...] Totlands personer har i grunnen et nokså pragmatisk forhold til det meste og bryter ikke sammen over et skarve lik fra eller til. Så man får bare ta dette for hva det er: velskrevet, Tarantino- og Fargo-beslektet gladvold, lettbeint og uforpliktende moro.»

— Sigmund Jensen, Stavanger Aftenblad

Anders Totland
Om forfattaren

Anders Totland

Anders Totland (f. 1986) er oppvaksen på Bømlo og held til på Valen i Kvinnherad. Han er forfattar og har skrive fleire bøker både for barn og for vaksne. Sidan 2015 har han gitt ut ei rekkje bøker i fleire sjangrar, deriblant Den norske slavehandelen (2018), Gunnars rekordbok (2024) og Mamma på dass (2025). Fleire av bøkene er selde til utlandet, og i 2017 fekk han Nynorsk barnelitteraturpris for ungdomsromanen Engel i snøen. I 2022 kom den første boka om den pensjonerte presten Jacob Juul, Til jord skal du bli, og i 2024 kom den nokså frittståande oppfølgjaren Til døden skil oss.