Terra victoris: roman
InnbundenFleire format

Barn og ungdom

Terra victoris: roman

16–20 år
«Intens og spennende dystopi fra forfatteren av upris-vinneren»
— Periskop
Uprisen-vinnar tilbake med ny sci-fi. Mot slutten av 2000-talet stod menneskeslekta på kanten av stupet. Verdas nasjonar hadde svikta i kampen mot klimaendringane, samtidig som ein ny trussel vaks fram: den første kunstige intelligensen. Han fekk namnet Alpha-intelligensen, og gjennom internettet sine knutepunkt og bakdører gjekk han til angrep på verdas land og organisasjonar. Men medan verdssamfunnet knela i møtet med den nye fienden, slo dei aller rikaste menneska på kloden seg saman og tok opp kampen. Dei vann krigen mot Alpha-intelligensen. Dei stoppa klimakrisa. Og no blir dei dyrka og sett opp til over heile verda - som udødelege heltar. I eldgamle Istanbul, der krigen enda, leitar to ungdomar etter svar på kvar sin kant. Ingrid frå Noreg skal møta arkeolog-onkelen sin, medan den lokale guten Zeki leitar etter ei sakna venninne. Snart kryssar vegane til Ingrid og Zeki seg, og dei blir kasta ut i eit kappløp der sjølve verdssamfunnet står på spel. For falne fiendar kan reisa seg igjen.
349,00 kr
Sider
318
Utgivingsår
2022
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234007965
Asbjørn Rydland
Om forfattaren

Asbjørn Rydland

(f. 1976) er frå Seim i Hordaland og bur i Oslo. Han vart tildelt både Nynorsk barnebokpris og Fabelprisen for serien om Drakeguten i 2012. Drakeguten vann NM i litteraturformidling. For fantasyromanen Galderstjerna vann han Uprisen i 2017.