Om boka
Sitat frå melding
”Rydland gjør to løfterike ting i sitt debutarbeid som umiddelbart forteller denne anmelderen at han har noe å fare med. For det første fremviser han en sterk litterær evne; mannen kan skrive. For det andre klarer han å gi det poetiske språket en relevans for oss som leser her og nå.”
Marius Fossøy Mohaugen, barnebokkritikk.no
I denne historia har karakterane samansette eigenskapar, dei er ikkje eintydige. Det er ein viktig kvalitet ved romanen som saman med eit svært gjennomarbeidd og poetisk språk peikar seg ut som særmerke ved Asbjørn Rydland si tilnærming til sjangeren. Tema som lojalitet, om å stå for det ein meiner er rett og gjere opp for seg er og sentrale, slik ein vil forvente. Men kor han skriv, denne debutanten! Det som imponerer mest er kanskje korleis han greier å gje det poetiske språket relevans i historia, slik det vert påpeika i meldinga på nettstaden barnebokkritikk. Bokmålsungane kjem til å gløyme at dei les nynorsk, og nynorskungane får eit førsteklasses skriftleg førebilete i denne teksten. Det viktigaste er at dei får høve til å lese denne boka, fordi det er slike bøker som gjer at ungdom les!
Janne Karin Støylen, nynorskbok.no