InnbundenFleire format

Barn og ungdom

Fredlaus

12–16 år
Siste band i knallsterk og prislønt fantasyserie om Drakeguten Fredlaus og på flukt frå den nye leiinga i Kervad er Koll avskoren frå nesten alle han bryr seg om. Med eit brennande ønskje om hemn og oppreising tar han opp jakta på fienden som har trekt i trådane og gjort livet surt for både han og dei andre kervingane. Men fienden er slu, og snart blir Koll nøydd til å vende tilbake til ei usikker framtid i Kervad. Men kan han halde seg på frifot lenge nok til å stoppe trugselen som lurer? Og skulle han greie det, kjem nokon i det heile tatt til å takke han? Fredlaus er femte og siste band i serien om Drakeguten, der politiske og overnaturlege konfliktar møtest i eit klimaks som vil endre både Koll og heimbyen hans for alltid, både på godt og vondt.
349,00 kr
Sider
323
Utgivingsår
2015
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252185898
Asbjørn Rydland
Om forfattaren

Asbjørn Rydland

(f. 1976) er frå Seim i Hordaland og bur i Oslo. Han vart tildelt både Nynorsk barnebokpris og Fabelprisen for serien om Drakeguten i 2012. Drakeguten vann NM i litteraturformidling. For fantasyromanen Galderstjerna vann han Uprisen i 2017.