I dette nummeret skriv Eli Morken Farstad om kjensler i politikken. Ho dreg lina frå haugianarrørsla til dagens palestinaaktivistar. Eirik Magnus Fuglestad spør kvifor den norske bygdepopulismen har teke høgrevendinga som andre stadar i Europa. Carline Tromp tenkjer tilbake på drapet på den nederlandske politikaren Pim Fortuyn, og korleis retorikken mot islam som var ekstrem då, er normal no.Sindre Hovdenakk ser tilbake på den tidlege nynorske omsetjaren Henrik Rytter, Heming H. Gujord skriv om Dag Solstad-karakteren lektor Elias Rukla og dagens skulepolitikk, og Christina Violeta Thrane Storsve dykkar ned i eiga familiehistorie som adoptert.