Syn og segn. Hefte 1-2021: tidsskrift for kultur, samfunn & politikk

Astrid Sverresdotter Dypvik |
Hefta | Sidetal: 98 | ISBN: 9788234006395

Pris:
Translation missing: nn.product.general.sale_price129 kr
Syn og Segn 1/2021 er ute. Denne gongen med eit temanummer om norske tabu.
Lars-Henrik Paarup Michelsen skriv om det han kallar dei tre store tabua i den norske klimapolitikken. Dette er dei debattane norske politikarar ikkje vågar å ta av frykt for å skape dårleg stemning. Michelsen skriv at alvoret i klimaendringane er underkommunisert, at debatten om når norsk oljeproduksjon skal ta slutt blir latterleggjort og at diskusjonen om dei livsstilsendringane nordmenn må gjere for at landet skal kunne nå klimamåla i Paris-avtalen blir stempla som moralisering.
Filosofen og omsetjaren Lars Holm-Hansen skriv om kvifor han har bestemt seg for å omsetje Martin Heideggers svarte hefte til norsk gi dei ut på sitt eige forlag Existenz. Dei svarte hefta er Heideggers notathefte frå åra 1931-1959. I desse hefta trer samanhengen mellom Heideggers filosofi, hans nasjonalsosialisme og hans antisemittiske haldningar fram.
Den tyske journalisten Alva Gehrmann skrive om Norden for tysk presse gjennom meir enn ti år. I Syn og Segn fortel ho om dei tabua ho har observert i dei ulike nordiske landa. Gehrmann skildrar også korleis ho, i selskap med forfattaren Morten Strøksnes ombord i ein bitteliten båt på Vestfjorden, lærte på den harde måten kvifor det er eit tabu å ikkje ta den norske naturen på alvor.
Syn og Segn 1/2021 er den første utgåva med Astrid Sverresdotter Dypvik som redaktør.
Kristina Leganger Iversen er blitt Syn og Segns huspoet og skal skrive eit nytt dikt til kvar utgjeving. Leganger debuterer som huspoet med diktet «Eg visste kva eg gjorde».
Elles inneheld bladet ein tekst der forfattaren Guri Idsø Viken går inn i den brennbare debatten om historiske fakta i fiksjonsfilm som seinast feide inn over landet i samband med serien «Atlantic Crossing». Viken slår eit slag for det som ikkje er sant og skriv om kvifor og på kva måte sanning kan vere meir enn verkelegheita.
Filosofen Jon Hellesnes skriv om kvifor han ikkje ser nokon grunn til å gle seg ove

Astrid Sverresdotter Dypvik

Du likar kanskje desse

Sist sett på