Svikne dagar: roman

Skjønnlitteratur

Svikne dagar: roman

Omsett frå italiensk
38-årige Olga blir forlaten av mannen sin etter 12 års ekteskap, til fordel for ei ung kvinne. Olga er ridd av sjalusi, raseri og sjølvforakt, og mistar sakte, men sikkert taket på omgivnadene sine. Ho dreg dei to ungane og den snille schæferhunden Otto med seg i fallet. Svikne dagar er ein samtidsklassikar av ein forfattar som The New York Times har omtalt som «ein av dei største romanforfattarane i vår tid». Romanen har gripe lesarar over heile Europa med den usentimentale skildringa av moderskap, ekteskap og åleineliv. Boka kom ut på italiensk i 2002. Frå italiensk ved Kristin Sørsdal.
329,00 kr
Utgivingsår
2017
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252193343
Elena Ferrante
Om forfattaren

Elena Ferrante

Elena Ferrante er fødd i Napoli. Sidan debuten i 1992 har ho gitt ut fleire kritikarroste romanar. Napoli-kvartetten har gitt Ferrante internasjonalt gjennombrot. Rettane til bøkene er selde til 43 land, og bøkene har fått strålande kritikk. Elena Ferrante er eit pseudonym.