InnbundenFleire format

Skjønnlitteratur

Den dunkle dottera: roman

Omsett frå engelsk
Leda er ei 47 år gammal veletablert yrkeskvinne. Døtrene har nettopp flytta til faren i Canada, og no ser ho fram til å dra på ferie åleine til sørkysten av Italia. På stranda er ho kvar dag omgitt av ein støyande napolitansk storfamilie. Ho blir meir og meir oppteken av ei ung jente og dottera hennar. Ho vekslar mellom å beundre og å vere sjalu på den unge kvinna og barnet, men avskyr familieklanen som omgir dei. Leda blir overvelda av minna om dei vanskelege og ukonvensjonelle vala ho gjorde som ung mor, og konsekvensane dei fekk for henne og familien. Den dunkle dottera kom ut på italiensk i 2006. Frå italiensk ved Kristin Sørsdal.
429,00 kr
Sider
150
Utgivingsår
2017
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252193350
Elena Ferrante
Om forfattaren

Elena Ferrante

Elena Ferrante er fødd i Napoli. Sidan debuten i 1992 har ho gitt ut fleire kritikarroste romanar. Napoli-kvartetten har gitt Ferrante internasjonalt gjennombrot. Rettane til bøkene er selde til 43 land, og bøkene har fått strålande kritikk. Elena Ferrante er eit pseudonym.