InnbundenFleire format

Generell litteratur

Surdeigsbrød

Omsett frå svensk av Oline Borgund

Å bake med surdeig er så enkelt som berre det - og samstundes eit mysterium. Dette er ei funksjonell og praktisk kokebok for deg som vil bake dine eigne surdeigsbrød. Boka tar for seg ulike omgrep kring surdeig, oppskrifter på fleire typar deigar, den viser korleis ein startar og matar ein surdeig, og gir råd om korleis ein bakar for å få best resultat. Her er oppskrifter på lyse, mellomgrove og grove brød, og også nokre spesialbrød, både syrlege og milde. Du får 23 gjennomprøvde oppskrifter, underhaldande tekstar og tips, og også ei ordliste over viktige baketermar. Martin Johansson er heimebakaren bak den populære bloggen «Pain de martin». Han har skapt bakefeber med denne boka i sverige, og har også gitt ut boka «Enklare brød», om kna- og eltefrie brød.
429,00 kr
Sider
103
Utgivingsår
2011
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252179675
Martin Johansson
Om forfattaren

Martin Johansson

Martin Johansson er ein velkjend svensk heimebakar og brødbokforfattar. Han har gitt ut ei rekkje bøker om brød og skapt bakefeber i nabolandet.

Bøkene Surdeigsbrød og Enklare brød er komne på norsk tidlegare. Brød, brød, brød er den mest omfattande av bøkene hans. Johansson er også mannen bak dei populære og prislønte bloggane Pain de Martin og Lite mer brød. Johansson har motteke ei rekkje prisar for arbeidet sitt.