InnbundenFleire format

Generell litteratur

Brød, brød, brød: oppskrifter, råd og snarvegar

Omsett frå svensk av Aud Søyland

Ny brødbibel frå heile Sveriges heimebakar. Lite kan måle seg med lukta og smaken av heimebakt brød. I boka «Brød, brød, brød» gir den svenske heimebakaren Martin Johansson deg alt du treng for å bake knallgode brød på eige kjøkken. Her får du nærare hundre oppskrifter på harde, mjuke, raske, langsame, lyse, mørke, sure og søte brød, som alle er enkle å bake. Johansson er uvanleg god til å forklare korleis du skal lykkast med bakinga. Han syner deg korleis du kan bake enklare og likevel lage fantastiske brød med smak og karakter. Med hjelp av boka kan du også konstruere di eiga favorittoppskrift.
449,00 kr
Sider
254
Utgivingsår
2020
Språk
Nynorsk
Omsetjar
Aud Søyland
ISBN
9788234003769
Martin Johansson
Om forfattaren

Martin Johansson

Martin Johansson er ein velkjend svensk heimebakar og brødbokforfattar. Han har gitt ut ei rekkje bøker om brød og skapt bakefeber i nabolandet.

Bøkene Surdeigsbrød og Enklare brød er komne på norsk tidlegare. Brød, brød, brød er den mest omfattande av bøkene hans. Johansson er også mannen bak dei populære og prislønte bloggane Pain de Martin og Lite mer brød. Johansson har motteke ei rekkje prisar for arbeidet sitt.