Skjønnlitteratur

Stort og stygt: drama

Olaug Nilssens bestillingsverk til Det Norske Teatrets hundreårsjubileum haustar strålande kritikkar i pressa. I stykket møter vi to nabopar. Det eine paret har eit barn og lever eit hektisk kvardagsliv ? eit ?småbarnshelvete?. Det andre paret ventar barn og ser på foreldrelivet frå eit teoretisk og romantisk standpunkt. Dei har heilt klare meiningar om korleis naboane med barn eigentleg burde takle sonen som skrik heile natta.

Det ligg ei attkjenneleg uro og ein angst under teksten, for alt som kan gå gale, for at ein ikkje strekker til, og for at ein ikkje gjer dei rette vala i avgjerande situasjonar.
399,00 kr
Olaug Nilssen
Om forfattaren

Olaug Nilssen

Olaug Nilssen (f. 1977) fekk sitt store gjennombrot med Få meg på, for faen i 2005. Boka braut tabu knytte til ungdom og seksualitet og blei definerande for ein heil generasjon. Sidan den gong har ho skrive bøker i mange sjangrar og markert seg som ei uvanleg og viktig stemme i norsk litteratur. I romanen Tung tids tale, som ho fekk Brageprisen for, fortel ho med ei uvanleg openheit om det å vere mor til eit sterkt funksjonshemma barn. I 2019 gav ho ut det satiriske lesestykket Ikkje tenk på det, om stoda i norsk bokbransje, og same året fekk ho Doblougprisen for forfattarskapen sin. I 2021 fekk ho Fritt Ords pris i lag med Bjørn Hatterud og Jan Grue.

Fleire foto av Eivind Senneset:
(Trykk på bileta for å laste ned i høg kvalitet)