InnbundenFleire format

Skjønnlitteratur

Sterke kjensler og andre dikt

Blant ting og tang

I tradisjonen etter Olav H. Hauge og Gertrude Stein har Kristin Auestad Danielsen skrive ei samling dikt om heimstaden, heimen, romma vi bur i, og tinga vi omgir oss med. I eit lett og leikent språk som samtidig er prega av eit eksistensielt alvor, skriv ho om å vere barn, om å bli vaksen og om å vere mor, om fellesskapen mellom mor og dotter og om alle kvardagane som rommar livets drama.
399,00 kr
Kristin Auestad Danielsen
Om forfattaren

Kristin Auestad Danielsen

Kristin Auestad Danielsen (f. 1981) er forfattar og dramatikar. Ho debuterte med diktsamlinga Alle i Norge, i tre, i hengekøyer i 2005. Ho har fått oppført teaterstykke i Danmark og Noreg og skrive fleire kritikarroste diktsamlingar. I 2018 kom den første romanen hennar, Vår vesle. Teaterversjonen av Vår vesle blei sett opp på Det Norske Teatret hausten 2018. Ho fekk stor merksemd for sin andre roman, Du er bonde, frå 2022. På, over, inni er hennar tredje roman.