Stavanger stories 1: novellekrans

Barn og ungdom

Stavanger stories 1: novellekrans

12–16 år
Døden viser ingen nåde. Han kan komma kva tid som helst, til kven som helst. Passera forbi og setja ein strek mellom før og etter. Du blir aldri den same igjen etter eit møte med Døden. Stavanger Stories I er fjorten forteljingar om liv og død. I denne boka følgjer vi dei tre tenåringane Duxen, Betty og Broremann og familien deira gjennom fire årstider i store, litle, vakre, stygge Stavanger.
249,00 kr
Utgivingsår
2016
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252189834
Terje Torkildsen
Om forfattaren

Terje Torkildsen

(f. 1971) debuterte i 2008 med ungdomsromanen Marki Marco. Torkildsen er utdanna norsklektor, men arbeider i dag som komikar, skodespelar og kulturprodusent, og er kanskje mest kjend som prinsippfast drosjesjåfør i filmen Mongoland frå 2001. Den litterære debuten, Marki Marco (2008), utvikla Torkildsen i samarbeid med 10. trinnet på St. Svithun skole i Stavanger. For boka blei Torkildsen tildelt Uprisen, etter å ha blitt stemt fram av 220 niendeklassingar over heile landet. Høsten 2009 kom Dystopia I – den første boka i serien DYSTOPIA 2014. Som Marki Marco er også desse bøkene skreddarsydd for utolmodige tenåringar. Torkildsen vann Uprisen for andre gong for Dystopia III i 2012. Torkildsen bur i Stavanger.